– Ungdom må med for å vinna kampen mot hiv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På høgnivåmøtet 8.-10.juni skal ein lage ei ny verdserklæring om korleis verda skal handtere hiv/aids-epidemien dei neste åra.

Anette Remme frå SAIH reiser som ungdomsdelegat for LNU, og skal jobbe for å få fokus på ung leiarskap på møtet.

Mange ungdommar – og Mette-Marit
Det kjem til å vere mange ungdommar på møtet, samanlikna med andre liknande møter i FN.

– UNAIDS satsar på ung leiarskap fordi dei meiner at ein treng unge for å kome vidare i kampen mot hiv, seier Anette Remme til lnu.no.

Ein av dei som har fronta rolla til ungdom er kronprinsesse Mette-Marit. Kronprinsessa skal også til møtet i New York og skal vere med på eit eige ungdomsmøte 7.juni.

Må satse på ungdom
Også utviklingsminister Erik Solheim deltek på toppmøtet og skal halde Norges plenumstale 9.juni. Anette er klar på kva ho og LNU ynskjer at Solheim skal sei.

– Statane må forplikte seg til å satse på ungdom. Ungdom må få ta del i delegasjonane på ein meiningsfull måte. Dessutan må det investerast meir i prosjekt som gjeld ungdom.

– Noreg kan spele ei viktig rolle på dette området, så eg håper Solheim snakkar om korleis ein skal sikre at ungdom blir høyrt.

– Eg er spent
Sjølv om Anette skal jobbe mest med ungdoms rolle, er ho også spent på korleis det vil gå på andre felt.

– Fleire motkrefter jobbar for å fjerne viktige formuleringar om til dømes likestilling og sårbare grupper. Det blir spanande å sjå – helst skulle vi jo styrka rettane til fleire sårbare grupper, avsluttar Anette.