Sjukemeldt av eksamenspress

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjuke- meldt av eksam- enspress

Studentane i Oslo er no midt i den stressande eksamensperioden. For «Ingrid» har dette gått på helsa laus.

– Det enda med at eg var så svimmel etter den siste eksamenen, at det var heilt umogleg å kome seg opp av senga og til badet, fortel ho.

– Eg var meir stressa enn vanleg i eksamensperioden, og fekk aldri slappa av. Eg er vand til å gjere mykje, såg eg tenkte at dette ikkje skulle vere noko problem. Dermed køyrde eg på som vanleg, seier ho.

Studentar slit meir med angst og depresjonar enn folkesetnaden generelt, og eksamenspress er ein viktig faktor. Det viser SHoT-undersøkinga som vart offentliggjort tidlegare i år.

Òg tal frå helsetenesta til Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) viser at mange søkjer psykologisk eller psykiatrisk hjelp. Samskipnaden gjennomførde i fjor heile 4214 psykologkonsultasjonar.

1200 studentar som ringte for å få time, måtte likevel avvisast på grunn av kapasitetsmangel. 12 prosent av desse fekk time seinare same semester, medan 11 prosent var nøydde til å vente endå lenger.

Kvinner slit mest
For Rune Olsen, psykologspesialist ved SiO Helsetjenesten, er «Ingrids» historie velkjend. Han meiner at studentlivet blir prega av press og stress.

– Studentar er ei gruppe med ein kvardag som blir prega av å yte, prestere og å bli målt, seier han.

SHoT-undersøkinga viser at eksamensangst er eit klart større problem blant kvinner enn menn, og klart fleire kvinner enn menn oppgjev at dei slit med alvorlege psykiske plager. Dette trass i at for at kvinner kjem best ut av nestan all statistikk innan høgare utdanning.

Olsen skildrar funnet som underleg og overraskande.

– Kvinner meistrar nok studiane betre enn menn på gruppenivå, samstundes som dei virka å ha sviktande tru på eigne evner, seier han.

38 prosent av studentane i Oslo har anten mykje eller litt problem med eksamensangst, viser SHoT-undersøkinga.

Olsen snakkar dagleg med studentar som slit med eksamensangst, og meiner at konsultasjonane ber frukter.

– Det er viktig å ta vare på seg sjølv og sin eiga helse i ein pressituasjon. Det handlar om å ta kontroll over det du kan ta kontroll over, seier han.

Fryktar mørketal
Ifølgje SHoT-undersøkinga oppsøkte berre éin av tre med alvorlege psykiske symptomplager hjelp i fjor. Olsen meiner ein må tolke resultata av ei slik undersøking med varsemd.

– Det er ikkje det same å skåre høgt på ein slik undersøking, og å vere hjelpetrengande. Samstundes, ligg du høgt på symptomskåren aukar sannsynet for at du treng hjelp, seier han.

Han er likevel redd for at studentar med behov for hjelp ikkje får det.

– Ut frå rapporterte symptomplager og hjelpsøkingsåtferd, reknar vi med at det er eit potensielt udekt behov for hjelp til psykiske plager blant 10 prosent av studentane, seier han.

For «Ingrid» vart eksamensstresset ein vekkjar.

– Eg var så opphengt i å gjere det bra. Dei rundt meg merkte dette og har ikkje hatt det så bra, fortel ho.

No er ho likevel bra igjen, og fortel at det var vanskeleg å innsjå at ho var dårleg.

– Opplevinga har ikkje vore bra. Eg har ikkje vore meg sjølv.

Forandrar ordninga
Til trass for at elleve prosent av dei som ringte om psykologtime ikkje fekk hjelp same semester, meiner leiar av Studenthelsetenesta til SiO, Marit Eskeland, at dei ikkje opererer med nemneverdige ventelister.

– Vi skulle gjerne hatt meir ressursar knytt til psykisk helse. Vi prøver å få mest mogleg ut av ressursane vi har, men det er ein kjensgjerning at vi ikkje har kapasitet til alle. 81 prosent av studentane får likevel time same semester som dei oppsøkjer psykologisk helseteneste, seier ho.

Systemet som Studenthelsetenesta nyttar seg av, inneber at ein berre kan bestille time den første dagen i kvar månad. Viss det ikkje er ledig time må ein vente til neste månad og prøve på nytt utan å ane om ein får time eller ikkje.

Eskeland forsvarar ordninga med at han minimerer byråkratiet.

– Det er eit system som saman med eit tilstrekkeleg mengd akuttimar, to timar kvar dag, hindrar at studentane blir ståande i kø, fortel ho.

Frå hausten av vil framgangsmåten forandrast.

– Skilnaden vil bli at behandlarane legg ut ledige timar etter kvart, og dei som vender seg til oss skal vita om dei får timar etter kvart. Ein treng altså ikkje vente ein heil månad før ein vender seg til oss på nytt. Det nye systemet vil ikkje gje fleire timar, men vi er tilbakehaldne med å lage eit ventelistesystem, fortel ho.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!

Faktaboks

Studentenes Helse og trivselsundersøkelse (SHoT)

– Utført av TNS Gallup på oppdrag av Studentsamskipnadene i Oslo, Bergen og Trondheim
– Éin av fem opplever ofte arbeidspress og konsentrasjonsvansker som eit problem.
– Kvinner oppgjev i større grad enn menn lav studiemestring, samstundes som dei stryk sjeldnare til eksamen. Kvinner er òg dobbelt så redde for å halde munnlege målber som menn.
– Kvar tiande student har mykje eksamensangst, dobbelt så høgt blant kvinner som menn.
– 14 prosent oppgjev alvorlege psykiske symptomplager, klårt høgare blant kvinner enn menn.
– Om lag 1/3 av dei med alvorlege psykiske symptomplager har søkt hjelp det siste året.