Gler du deg til null utslepp?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Grøn energi finst, og er i vekst. Faktisk blei det i fjor sett ny rekord med 250 milliardar dollar investert i fornybar energi, ifølgje Bloomberg. Men korleis skal ein få endå fleire til å ta i bruk grøn energi, slik at dei totale utsleppa av klimagassar i verda går nedover, og ikkje oppover?

– Det er trong for ti gonger så høge investeringar, seier Google sin talsmann for grøn energi, Benjamin Kott. Han deltok på ein debatt på Idéfestivalen på Universitetet i Oslo denne helga saman med den britiske ambassadøren til Noreg, Jane Owen.

LES OGSÅ: Ungdom krev drastiske klimakutt

– Me treng å gjera folk meir begeistra for lågkarbonsamfunnet. Næringslivet kan hjelpa til med dette, sa ho.

Gulrot og pisk
– Den nye regjeringa vår satsar mykje på å skapa nye arbeidsplassar i lågkabonindustrien. Dette er noko me også arbeider saman med Jens Stoltenberg om, seier ho. På toppmøtet mellom britane og dei nordiske og baltiske landa i vinter var lågkarbonindustrien eit av tre tema. Ambassadør Jane Owen viser til Stern-rapporten som viser at bruttonasjonalproduktet til heile verda vil gå ned med fem prosent for kvart år om ein ikkje gjer noko med klimautsleppa. Den kjende økonomiprofessoren Nicholas Stern reknar med at investeringane som det er trong for er kring to prosent av det globale bruttonasjonalproduktet per år.

– Fornybarsamfunnet er altså noko som lønar seg i forhold til alternativet, understrekar Jane Owen.

– Styresmaktene har ei viktig rolle både for å gje incentiv til miljøvenlege åtferd, men også for å setja strengare reglar, presiserte ho.

Forbrukarrevolusjon
Strengare reglar er noko Benjamin Kott helsar velkommen. Google har investert 250 millionar dollar i grøn energi. For ein månad sidan avgjorde selskapet at dei investerer 100 millionar dollar i verdas største vindpark i Oregon.

– Me gjer det fordi me reknar med å tena pengar, seier Kott. Avgifter på utslepp og grøne sertifikat kan vera med på å gjera grøn energi til ei gullgruve i framtida. Miljøvenleg handling kan også lokkast fram.

LES OGSÅ: Ei verd utan fossil energi

– Me treng ein forbrukarrevolusjon, sa den britiske ambassadøren. Ho fortalde om korleis britiske styresmakter klarar å lokka fleire til å isolera husa sine betre.

– I England er husa veldig dårleg isolert, noko gjer at trongen for dyr oppvarming er stor i vinterhalvåret. I starten gav me støtte til hushald med dårleg økonomi, slik at dei fekk isolera husa sine. No har me byrja med eit prosjekt der me gjev isolasjon på avbetaling. Det kostar ingenting å isolera huset ditt, men du betalar gjennom straumrekninga di over dei neste ti åra. Etter ti år er det mange britar som vil få lågare straumrekning.

– Ikkje éin bodskap
Google har den mest brukte nettsida i verda, med over ein milliard unike brukarar. Viss dei verkeleg meiner noko med det grøne engasjementet sitt, kvifor bruker dei fremjar dei ikkje denne nødvendige bodskapen under verdas mest kjente logo?

LES OGSÅ: – Bilen må ta rattet frå menneska

– Det er eit godt spørsmål som me ofte får. Me ikkje funne den verkeleg gode beskjeden. Likevel: me har fleire gonger brukt høvet til å fremja grøn åtferd. Til dømes under klimakonferansen i København og under Halloween.

– Skal me få til ei grøn framtid, er det ikkje berre ein, men tusenvis av beskjedar som må ut, avsluttar han.

Korleis trur du ein kan gjera fleire glad i ei grønare framtid?