Viktig merkevarebygging

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Viktig merkevare- bygging

– Når vi ser på Universitetet i Bergen sitt omdømme, er det ikkje akkurat globalt kjent. Det er ikkje ei global merkevare som menneske i Kina er komfortable med.

Phil Baty, redaktør for Times Higher Education (THE) World University Rankings, overraska ingen med denne opplysninga då han tala for dei frammøtte under Christiekonferansen i Grieghallen 27. april.

– Men ser vi på objektive kriterium, til dømes betydninga av forskinga, så er universitetet blant dei beste i verda. Medan omdømmet henger litt etter.

Universitetet i Bergen (UiB) er kanskje ikkje verdskjent enno, men har i det siste utmerka seg mellom anna med ein 135. plass på den nye THE-lista over dei fremste universiteta i verda. Dette er best av universiteta i Noreg.

Internasjonalt anerkjent
Universitetsrangeringar er omdiskuterte, men ein ting er klart: Dei er komne for å bli.

Dette har Per Eriksson, rektor ved Lunds Universitet i Sverige, og Sigmund Grønmo, rektor ved UiB, innsett. Lunds Universitet kom heilt opp på 89. plass på THE-lista.

LES OGSÅ: Her er dei populære utdanningane!

– Rankinglister betyr meir jo lengre frå universitetet ein er. Mitt inntrykk er at dette har blitt viktigare og viktigare, og at det vil auke, seier Eriksson, og trekkjer særleg fram Asia som ein stad slike rangeringar spelar ei viktig rolle.

Utdanningsverda er, som resten av verda, globalisert. Om UiB hevdar seg på rankingar vil det vere attraktivt for studentar og tilsette, meiner Grønmo.

– Eit synleg, anerkjent universitet vil trekkje til seg internasjonale studentar og tilsette, noko som gir eit meir mangfaldig og globalt miljø, seier han.

Høgare karaktersnitt
Noko som vil gagne studentane.

– Studentane får vere ein del av eit internasjonalt miljø, knyte internasjonale kontaktar og ikkje minst får dei eit vitnemål frå eit internasjonalt anerkjent universitet, noko som er svært verdifullt i dag, seier Grønmo.

Tine Blomfeldt, leiar for Arbeidsutvalet i Studentparlamentet til UiB, ser lyst på rankingresultatet.

– At vi får eit betre rykte vil trekkje nokre av dei beste forskarane i verda. Studentane vil nyte godt av å bli undervist av slike forskarar, seier Blomfeldt.

På sikt meiner ho det kan føre til fleire søkarar og høgare karaktersnitt, men også eit høgt kvalitetsstempel når studentane skal inn i arbeidslivet.

– Når ein ser UiB på søknaden, skal ein tenkje at dette er bra.

– Må spisse kompetansen
Nærings- og handelsminister Trond Giske, også han tilstades på Christiekonferansen, er usikker på kor mykje vekt ein skal leggje på internasjonale rangeringar.

– Vi veit at det speler ei rolle kva slags universitet ein kjem frå som arbeidssøkar, men kor mykje dette har å seie i Noreg er ikkje lett å vite, seier Giske.

– Men jo sterkare renommé utdanningsinstitusjonen har, jo betre for studentane. Særleg i internasjonale jobbar er det inga ulempe om universitetet er kjent.

Giske var i sitt innlegg klar på at eit universitet som ønskjer å markere seg internasjonalt, er nøydd til å gjere tøffe prioriteringar.

– Ein kan ikkje markere seg i alt. Sjølvsagt skal UiB vere eit breddeuniversitet, men å verkeleg hevde seg i verdsklasse krev spissing av enkelte fagområde.

LES SAKA I STUDVEST!

Viktig merkevarebygging from Studvest on Vimeo.