Skal ein kommune gjera seg attraktiv for heimflytting, må jobben gjerast lenge før ungdommen flyttar ut.

Jobben for å få unge folk som studerer til å flytta heim etter sluttført utdanning er prioritet nummer ein for mange utkantkommunar i Noreg. Skal norske bygder overleva er det openbart at dei treng ein jamn straum av unge folk som buset seg der. Samstundes klarar eg ikkje heilt å fri meg frå tanken om at fokuset desse kommunane og distrikta har til tider er for snevert og einsformig.

Attraktive kompetansearbeidsplassar er målet alle norske distrikt ser ut til å jobba etter. Dei fleste norske regionar med respekt for seg sjølv har, om ikkje ein eigen traineeordning, så i alle fall ein eigen glansfull rekrutteringsbrosjyre. Der kan du som oftast alltid lesa at også i deira bygder og småbyar kan du vera t-skjortedesignar, gourmetkokk eller dataprogrammerar. Det er sjølvsagt heilt greitt å informera om dette, men dei fleste av oss lyt også i framtida jobba i ”trauste, keisame og uattraktive” yrker, som til dømes hjelpepleiar, kassadame/-mann eller rekneskapsførar. For all del, å skapa spanande arbeidsplassar er viktig, men det er ikkje det einaste saliggjerande.

Det er mogleg eg er naiv, men eg er overtydd om at dei aller, aller fleste som verkeleg ynskjer å flytta til ein bestemt plass klarar å skaffa seg ein jobb der, i alle fall innan rimeleg pendlaravstand. Difor trur eg det viktigaste for at ungdom ein dag skal flytta attende er at dei flyttar frå bygda med gode minner. Ein ungdom som flyttar frå ei bygd utan å nokon gang ha verkeleg følt seg heime der, vil truleg aldri flytta attende, uavhengig av kor attraktive og spanande jobbar personen vert tilbydt. Tilsvarande vil ein ungdom som flyttar ut med gode minner og positive erfaringar som oftast vera positiv til å ein dag venda attende til heimbygda si. Skal ein kommune gjera seg attraktiv for heimflytting, må difor jobben gjerast lenge før ungdommen flyttar ut.
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE