Stryk i ungdomsskulematte

6 av 10 sjukepleiarstudentar stryk i ungdomsskulematte. Sidan 2005 har strykdelen på medikamenteksamen auka med 50 prosent.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stryk i ungdoms- skulematte

– Matematikken i denne prøva er på ungdomsskulenivå, og mange oppgåver blir løyst med eit enkelt divisjons- eller multiplikasjonsstykke. Det seier matematikkprofessor ved Universitetet i Oslo Tom Louis Lindstrøm, etter å ha løyst sjukepleiarstudentane sine medikamenteksamen frå januar i år.

Eksamenen er felles for fleire av sjukepleiarutdanningane i Oslo, men det er ved Høgskulen i Oslo (HiO) at strykdelen no skyt i vêret.

Sidan 2005 har strykprosent auka dramatisk med heile 50,3 prosent. I 2010 strauk 65,4 prosent av fulltidsstudentene ved HiO på testen, noko som er ny rekord. Berre på eit år, frå 2009 til 2010, auka strykdelen med 5,2 prosentpoeng.

– Det som er problemet er å finne ut kva det blir spurt om, men nokre av oppgåvene er enkle, omtrent som ti delt på fem. Men det er veldig relevant kunnskap som blir testa, siar Lindstrøm.

Eksamenen er ein del av det første året ved sjukepleiarutdanninga. Doseringa av medikament kan i verste tilfella bety skilnaden mellom liv og død, og studentane må levere ein feilfri eksamen for å stå.

Grusam og vanskeleg
Studentrådsleiar ved Avdeling for sjukepleiarutdanninga, Ingrid Korneliussen, seier at studentane har forståing for at det blir stillt strenge krav til prøva. Ho meiner at det ikkje bør vere noko skam i å stryke, til trass for at reknestykka ikkje er spesielt vanskelege.

– På medikamenteksamen kan ein ikkje ha ein liten kommafeil ein gong, fordi ein kommafeil ute i praksis kan ta livet av folk. Eksamenskriteria er veldig strenge, men sånn må det vere, seier ho.

– Mange synest prøva er grusam og vanskeleg. Det er mykje hysteri rundt medikamenteksamen, men det er matteoppgåver som eigenleg er ganske enkle. Eg trur mange får panikk når dei tenkjer at det er lækjemiddel det er snakk om, kombinert med at ein må ha alt rett, seier ho.

Studentane får fem sjansar per år på prøva, i tillegg til at dei får bruke kalkulator. Med det er tidspunktet som er problemet, ifølgje Korneliussen.

– Inntrykket mitt er at dei fleste studentane har hovudfokus på anatomieksamen som er i same tidsrom. Anatomieksamen har eit mykje større pensum og mange førelesingar på fleire timar. Fokuset på denne eksamenen blir mykje større og folk legg legemiddelrekninga litt til side, og kjem difor for seint i gang, seier ho.

Svært usikre elevar
Sjukepleiarstudentane har praksis i alle åra av bachelorutdanning si. Annette Bernt er praksisvegleiar på Radiumhospitalet og opplever at mange tredjeårsstudentar som kjem er usikre.

– Når du har eksamenen første året, tek det litt tid før du får praktisert teorien du lærer, og vi ser at veldig mange er svært usikre når dei kjem her, seier ho.

Tredjeårsstudentene er dei som får mest ansvar, men mange av dei får likevel ikkje løyve til å dosere medikament åleine.

– Hos oss har alltid praktikantane med seg nokre som sjekkar om utrekningane er rette, seier Bernt.

Bernt er oppgjeve over utviklinga og meiner studentane burde ha meir rekning.

– Denne prøva har ein første året av utdanninga, og det er altfor lite. Det bør vere ein slik test kvart år. Grunnlaget til tredjeårsstudentene, som snart skal stå på eigne bein, blir kanskje litt tynt, seier ho.

Dekanen bekymra
Kari Toverud Jensen, dekan ved Avdeling for sjukepleiarutdanning på HiO, ser poenget til Bernt, og fortel at det har vore diskutert å dele medikamentrekninga over fleire delar utover studietiden. Førebels er dette likevel ikkje igangsett.

Dekanen, som òg er påtroppande HiOA-rektor, medgjev at ho er bekymra over utviklinga. Ho meiner at eit synkande karakternivå for utdanninga kan vere ein av årsakene.

LES OGSÅ: Puggepiller

– Eg er bekymra over at folk stryk, men det er ein gjennomgåande trend på denne testen at folk stryk mykje. Mange bruker nok mykje energi på testen og det kan sjølvsagt vere problematisk for den einskilde studenten. Vi ser at karakternivået på opptaket har gått ned noko dei siste åra, og det kan vere noko av årsaka, seier ho.

– Er det mange studentane som fell frå på grunn av denne eksamenen?

– Det er cirka 40 studentar per år som fell frå og må vente eit år for å ta han på nytt. Nokre av desse kjem tilbake.

LES SAKA I UNIVERSITAS!