Jon Fosse flyttar inn i Grotten

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag overleverte kulturminister Anniken Huitfeldt nøklane til statens æresbustad for kunstnarar til Jon Fosse. Han blir det fjerde kunstnaren som bur i Grotten.

– I morgon er det 170 år sidan 17. mai 1841. Då flytta Henrik Wergeland inn i Grotta. Eg er glad for at Jon Fosse har takka ja til å flytte inn, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

– Når regjeringa har avgjort at vi vil følgje tradisjonen, og enno tilby Grotten som bustad og arbeidsstad til ein av dei fremste kunstnarane våre, er det fordi vi vil anerkjenne kor viktig kunsten er i det norske samfunnet. Grotten kan berre tilbydast til ein kunstnar. Men han symboliserer likevel kor viktig kunsten er for identiteten vår. Inga kraft kan binde oss sterkare saman enn kulturen, seier Huitfeldt.

– Wergeland var diktar, Sinding komponist, Øverland var diktar, og Nordheim komponist. Jon Fosse representerer ein kontinuitet i denne rekkja, seier Anniken Huitfeldt.

Etter det Framtida.no kjenner til har Fosse vore ein førstekandidat for kulturministeren, men det har lenge vore knytt spenning til om Jon Fosse verkeleg ville flytta frå Bergen og sjøutsikt – til huset som er nærmaste nabo til Slottet.

Første nynorsk-kunstnar
– Når regjeringa gir statens æresbustad for kunstnarar til Jon Fosse, er det ei ny anerkjenning av han som ein av dei største i samtidskunsten. Det markerer også at nynorsk skal vere like sjølvsagt som bokmål i Noreg, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

– Dei som no vil gi nynorsk minst mogleg plass i skulen, kastar vrak på den kunsten som blir skapt på dette språket. Det gjer mange nynorsk- og bokmålsbrukarar stolte å vite at Jon Fosse no flyttar inn i Grotten, seier Grepstad.

Det var Henrik Wergeland som fekk bygt Grotten i 1840. Han budde der til han døydde i 1845.

– Få år etter at Wergeland var borte, avviste dei fremste danskspråklege intellektuelle i landet at det var mogleg å skape kunst på landsmål. Dei var heilt sikre, og dei tok heilt feil. Dette bør vere eit tankekors for dei som motarbeider det verdifulle ved at Noreg i over hundre år har hatt meir enn eitt offisielt skriftspråk, seier Grepstad.

ABC TV: – Takka motvillig ja til Grotten

Jon Fosse er likevel ikkje den første nynorskingen som har fått tilbod om å flytta inn i Grotten. Etter at Arnulf Øverland døydde i 1968 fekk Tarjei Vesaas tilbodet. Han takka likevel nei til dette.

Fosse-arkiv
Jon Fosse har vore styremedlem i Nynorsk kultursentrum sidan 2008. Saman med Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret har Nynorsk kultursentrum planane klare for Jon Fosse-arkivet. Dette skal dokumentere utbreiinga og bruken av forfattarskapen hans. Til arkivet er på plass, har forfattaren deponert alt av eige arkiv i Ivar Aasen-tunet. Der ligg det grovsortert og tilgjengeleg for alle interesserte. Målet er eit permanent arkiv frå 2013, skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Faktaboks

– Jon Fosse er den europeiske dramatikaren som er mest spela i samtida vår.
– Stykka hans er framført i 900 oppsetningar over heile verda. Han er omsett til 40 språk.
– Fosse er ein allsidig forfattar som har gjeve ut arbeid i mange ulike litterære sjangrar.
Les meir på Allkunne og SNL.no!

Det var Henrik Wergeland som fekk bygt Grotten i 1840. Han budde der til han døydde i 1845.
Les meir på Wikipedia!