Noko er ròte i Oslo-skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noko er ròte i Oslo- skulen

 Mykje er sagt og skrive om det fysiske forfallet i Oslo-skulen dei siste tjue åra. Få stader er prosessen så synleg som på Etterstad vidaregåande skule i nærleiken av Vålerenga på austkanten. Langs heile veggen på ein av skulebygningane frå 1964 er det spikra ei lang rad med grove plankar over vindauga for å hindre dei i å dette ut – vindaugsrammene er pill ròtne. Eit gjerde skal halde folk borte frå veggen så dei ikkje får fallande mursteinar i hovudet. Slik kan den offentlege fattigdomen arte seg i rike Noreg.

– Naboane er ikkje så glade for dette gjerdet, det ser ikkje så fint ut. Men vi måtte gjere noko for å hindre ulukker, seier rektor Bjarne Asgrimplass. Han ser litt oppgjeven ut.

Sett på vent
Etterstad vidaregåande underviser i ei rekkje yrkesfag, mellom anna maritime fag, elektrofag, mat- og restaurantfag. For fire år sidan fekk skulen to nybygg, og eitt av dei gamle bygga vart totalrenovert. Men rehabiliteringa av dei to siste forfalne sekstitalsbygga vart sett på vent, sjølv om det låg føre ferdige planer også for dei, fortel Asgrimplass.

For gamle og slitne Oslo-skular er berginga å kome seg til topps på prioriteringslista til Undervisningsbygg, det kommunale foretaket som sidan 2002 har forvalta skulebygga. Etterstad vidaregåande nådde listetoppen, men ramla ned att for tidleg.

– Eg veit ikkje kvifor det neste byggjetrinnet vart utsett. Vi ante ikkje det skulle ta så lang tid. Dei planane som var utarbeidde for dei siste bygga, kosta nokre millionar, dei òg, seier Asgrimplass og peikar mot ei rekkje kvite permar i bokhylla på kontoret sitt. Allereie er dei byggjeskissene utdaterte av nye krav og læreplanar. Når rehabiliteringa skal fullførast, må Undervisningsbygg ta til frå grunnen att.

Tapte etasjar
Estetikken er ikkje det største problemet som forfallet ved Etterstad vidaregåande skaper. Verre er det at to heile etasjar ved skulen er avstengde og kan ikkje brukast fordi ventilasjonen er for dårleg: Sjette etasje over administrasjonen, der lærarane hadde arbeidsrom, og verkstadlokala i kjellaren i ein annan bygning er ute av drift. Skulen må leige lokale hos Obos i nærleiken for at lærarane skal ha arbeidsplassar.

– Det er ikkje rasjonelt, dette. Vi misser mykje areal fordi dei to etasjane ikkje er forsvarlege å bruke. Vi gjer nokre mindre strakstiltak rundt om på skulen kvart år, men dei gamle bygning ane treng totalrehabilitering, seier Asgrimplass.

Sjølv om rektoren var skuffa over at oppussinga ikkje vart fullførd, har han tiltru til at Undervisningsbygg gjer fornuftige prioriteringar. Etterstad er slett ikkje eineståande, mange andre skular skrik òg etter oppussing.

– Det er eit ganske ryddig system no. Undervisningsbygg skal sørgje for å få til flest mogleg elevplassar for kvar krone, anten ved nybygg eller rehabilitering. Dei veit korleis tilstanden er her, dei lyttar til oss, og eg har tiltru til at det vil skje noko snart. Det er ikkje så mykje gale med systemet, det er berre ikkje pengar nok til alt, seier Asgrimplass.

Etterslepet
Trass i det grelle forfallet på Etterstad vidaregåande,kjem kanskje denne artikkelen ti–femten år for seint. På sett og vis er det urettvist å gripe fatt i det fysiske forfallet i Oslo-skulen no. Dei siste åra har kommunen faktisk streva for å bøte på gamle unnlatingssynder. På ti år har Oslo løyvd kring 13 milliardar kroner til rehabilitering og nybygg for skulen, og sidan 2008 har dei årlege løyvingane vore kring to milliardar. Det er mykje, likevel er ikkje heile vedlikehaldsetterslepet teke att. Framleis strevar mange Oslo-skular med soppåtak, fuktskadar, lekkasjar, dårlege ventilasjons anlegg og elendig inneklima.

Og spørsmålet som fekk meg til å oppsøkje Etterstad står ved lag: Korleis kunne offentlege bygg få forfalle så dramatisk i eit så rikt land som Noreg – attpåtil eit land med ein større offentleg sektor enn dei fleste?

Nasjonalt problem
– Det er eit viktig og interessant spørsmål, seier Marit Thorsen, som er informasjonssjef i Undervisningsbygg.

– Eg har ikkje lyst til å peike på nokon syndebukk, men eg konstaterer at offentlege bygg har blitt forsømde over heile Noreg. Å halde bygg ved like har rett og slett ikkje vore prioritert.

Da Undervisningsbygg vart danna og fekk ansvaret for skulebygga i 2002, var det nett fordi Oslo-politikarane erkjente at dei måtte ta nye grep, seier Thorsen.

– Da vart vedlikehaldsetterslepet i Oslo-skulen vurdert til å vere tre milliardar kroner. Det er mindre no, sjølv om vi har reist mange nybygg i desse åra. Sidan 1996 har Oslo brukt 16–17 milliardar kroner på skulebygg. Men eg skal ikkje glorifisere situasjonen, det er framleis skular som treng tiltak kjapt.  Thorsen er kjend med at Etterstad er ein av dei skulane, men kan ikkje love noko om når rehabiliteringa blir fullførd.

LES OGSÅ: Her er Noregs beste ungdomsskule

– Etterstad treng heilt klart meir oppussing. Og det var synd arbeidet ikkje vart fullført, når planane låg klare. Men for Undervisningsbygg er dette ein stor kabal vi skal få til å gå opp. Vi må sjå byen under eitt og sikre at vi har nok elevplassar dei rette stadene.

– Om de fekk meir pengar, kunne de teke unna etterslepet raskt?

– Det ville nok hjelpe, men kanskje ikkje så mykje som ein skulle tru. Entreprenørane har mykje å gjere for tida, og dette er dels eit kapasitetsspørsmål både for oss og for byggjemarknaden. Vi har dessutan lange anskaffingsprosessar, mange skal meine noko om eigedomane til kommunen. Om vi berre fekk ein dunge pengar, er det ikkje gjeve at ting gjekk så mykje raskare.

Kortsiktig
Det er ingenting mystisk med forfallet i Oslo-skulen, meiner Olav Skryten, som var utbyggingssjef i Skoleetaten tidlegare i Oslo kommune på slutten av 1990-talet.

– Alle veit kva det kjem av: Det vart ikkje sett av nok pengar til vedlikehald av eigedomane. Det gjeld ikkje berre skulane, men alt kommunen eig.

I 1999 påpeika Skryten overfor Aftenposten at mangelen på løpande vedlikehald gjorde vedlikehaldet mykje dyrare på lang sikt. «Med så lite daglig vedlikehold som i dag starter forfallet allerede første dag etter at rehabiliteringen er ferdig», sa han til avisa. Eit enkelt døme: Når ein ikkje målar kring vindauga jamleg, ròtnar til slutt treverket og heile vindauget må skiftast.

– Fekk du ikkje gehør da du sa frå om slikt?

– I mange år hjelpte det ikkje å seie frå, det vart nesten ikkje løyvd pengar i det heile til vedlikehald. Kommunen har blitt mykje flinkare til å få fram konsekvensane av slik forsøming no.

Mangelen på politisk vinst er ein viktig grunn til dei mang lande løyvingane til vedlikehald av offentlege bygg, meiner Skryten.

– Det er ingen snorer å klippe, ingen heider å hente i vedlikehald. Å opne ei ny bru eller ein ny skule er noko anna. I heile Noreg har vi sett det same: Det er kjekkare å løyve pengar til nye ting.

I dag arbeider Skryten for eit privat entreprenørselskap. I det private har det heilt andre konsekvensar å neglisjere vedlikehaldet, meiner han.

– Om ein eigedomsinvestor ikkje vedlikeheld eigedomane sine, får han svi. Da rømer leigetakarane hans. Forfall får ikkje same konsekvensar i det offentlege. Det er val berre kvart fjerde år, og folk hugsar ikkje så godt.

Felles ansvar
Systemforklaringar kan vere vel og bra. Men politikken må vel òg spele ei rolle? Sidan 1975 har Oslo vore styrt av høgresida det meste av tida. Da må vel høgresida ta det meste av skulda for at forfallet fekk gå så langt?  «Vedlikeholdsetterslepet er enormt i Oslo, etter mange år med Høyre-styre», skreiv Ann-Marit Sæbønes, Aps gruppeleiar i Oslo i eit VG-innlegg i 2001. Ho viste til at Ap-styrde Bergen løyvde langt meir til skuledrift pr. elev enn Oslo, og at bergensskulane difor ikkje var like forfalne.

Men Knut Even Lindsjørn, leiar av SVs bystyregruppe og av kultur- og utdanningskomiteen i Oslo bystyre, er i dag ikkje viljug til å forklare skuleforfallet med partipolitikk.

– Det er ikkje rett å hengje dette på eitt eller to parti. Det blir for enkelt å skulde på Høgre og Frp, forfallet har skjedd over lang tid. Men i dag erkjenner eit breitt politisk fleirtal at vi må bruke mykje pengar på skulane. Likevel er det ikkje nok. Folketalsveksten gjer at vi òg må byggje mykje nytt, så vi har enno ikkje teke att etterslepet. Etterstad vidaregåande er eit godt døme på ein skule som heng etter, og eg skjøner godt frustrasjonen.

Det er heilt parodisk at Oslo ikkje har klart ta betre vare på infrastrukturen sin, vedgår Lindsjørn. Forklaringa hans liknar på den Olav Skryten gav.

LES OGSÅ: Trappar opp kampen mot fråfall

– Det er alltid meir attraktivt for politikarar å etablere noko nytt enn å vedlikehalde det gamle. Vedlikehald synest ikkje like godt. Heldigvis er det større medvit om dette no i Oslo. Den kommunale eigedomsmassen blir langt betre forvalta enn før.

Psykologisk forklaring
Det har ofte gått hardt for seg i Oslo-politikken, men skuleforfallet ser merkeleg nok ikkje ut til å vere eit stridsspørsmål leng er. Framstillinga til Lindsjørn i SV liknar mykje på den til Erling Lae, som var byrådsleiar for Høgre i Oslo frå 1999 til 2009. I dag er Lae fylkesmann i Vestfold.

– Forfallet i Oslo-skulen hang saman med måten vi organiserte vedlikehaldet på. Det var ein del av det løpande driftsbudsjettet til skulane – da blir lett pengane brukte på drift og ikkje vedlikehald. Det er lett å utsetje vedlikehaldet i tronge tider. Difor er det så viktig at vi no har skilt bygningane frå drifta, og at Undervisningsbygg forvaltar eigedomsmassen. Så kan rektor drive med pedagogikken i staden.

– Du forklarer forfallet med psykologi: Det er lettare å gjere det som gjev kortsiktig vinst?

– Ja, så enkelt er det. I tronge tider vil ein skåne undervisningstilbodet og utset heller reparasjonen av toaletta. Det er svært menneskeleg.

– Men psykologi er ikkje alt, politikken må vel òg ha spela ei rolle. Partiet Høgre har styrt Oslo det meste av tida og kan ikkje vere heilt utan ansvar?

– Eg synest ikkje det er rett å kritisere parti for å handle ut frå si tid. Det er ikkje grunn til skyte på verken Høgre eller Arbeidarpartiet – det var ikkje store skilje i løyvingane til skulevedlikehald etter kven som hadde fleirtalet, seier Lae.

– Men tenkinga endra seg i 1990-åra. Og eg synest Oslo fortener honnør for det krafttaket som har blitt teke for å ta att etterslepet. Det skjedde under bystyra leidde av både Rune Gerhardsen, Fritz Huitfeldt og meg.

– Oslo er på mange måtar ein rik by. Det er ikkje nokon fornuftig grunn til at det skal falle mursteinar ut av skuleveggene i Oslo?

– Nei, men det er ikkje mindre grunn til at det skal skje i Oslo enn andre stader, heller. Om du fordeler pengar på oppgåvene, er ikkje Oslo særleg annleis stilt enn andre kommunar, seier Erling Lae.

Kollenbrølet
Attende på Etterstad, der ein murstein fell ut av veggen i ny og ne, og der rektor Asgrimplass trufast melder inn vedlikehaldsbehovet og vonar at Undervisningsbygg igjen skal prioritere skulen hans. Han har framleis tiltru til systemet.

– Det er mange skular i same båt som dykk. Men rektorane i Oslo-skulen har aldri gått saman som ei pressgruppe overfor kommunen? Universitetsrektorane laga eit rektoropprør mot statsbudsjettet for nokre år sidan?

– Rektorane og administrasjonen kan rapportere om feil og manglar og vere aktive i møte med Undervisningsbygg. Særleg meir kan vi ikkje gjere. Eit rektoropprør er ikkje så aktuelt her. Vi har nok ein annan måte å tenkje på. Men lærar- og elevorganisasjonane er jo aktive.  På ein klår dag ser du heilt til Holmenkollen frå Etterstad. Holmenkollanlegget og Ski-VM kosta Oslo kommune 2,4 milliardar kroner, ifølgje Aftenposten. Det er meir enn vedlikehaldsetterslepet i heile Oslo-skulen.

– Dei tilsette her har spøkt mykje med budsjettsprekken i Holmenkollen, seier Asgrimplass.

– Eg skal slett ikkje påstå at det er på grunn av Holmenkollen at oppussinga av skulebygga har blitt utsett. Men Holmenkollen og musea i Bjørvika er jo blant dei føremåla vi konkurrerer med om pengane. Det er noko folk snakkar om.

LES SAKA I DAG OG TID!