Aukar ikkje studiestøtta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aukar ikkje studie- støtta

 Finansminister Sigbjørn Johnsen la i formiddag fram utkastet til revidert nasjonalbudsjett for 2011. Han kunne ikkje melde om store endringar i løyvingane til universitets- og høgskulesektoren for budsjetta til hausten, med unntak av 30 nye millionar til rehabiliteringsprosjekt.

Norsk studentorganisasjon (NSO) meiner regjeringa viser liten vilje til å satse på studentvelferd. Organisasjonen er spesielt misnøgde med at finansministeren ikkje ynskjer å auke pengestøtta til studentane til landet.

– No er det eksamenstid, men mange studentar må bruke dyrebar lesetid på å jobbe for å ha noko å leve av i sommar. Likevel avventer regjeringa å styrkja studentøkonomien, og målet om heltidsstudenten blir stadig fjernare, uttalar leiar i NSO, Anne Karine Nymoen, i ein pressemelding.

I dag tikkar dei siste beløpa til semestret frå Lånekassa inn på mange magre studentkontoar. NSO viser til tal frå Lånekassa som seier at studiestøtta reelt sett har vorte svekkja dei siste åra.

– Vi er skuffa over den manglande viljen til regjeringa til å ta tak i problema, siar Nymoen.

Krev utdanningskvalitet
NSO er òg bekymra for at budsjettet ikkje tek høgde for at talet på studentar ved universiteta og høgskulane stig.

– Med ein venta studentvekst dei næraste åra og med dei utfordringane vi har med fråfall i høgare utdanning, så krev me ei satsning på studentvelferd og utdanningskvalitet i statsbudsjettet til hausten, heiter det frå NSO.

Her får dei støtta frå Forskarforbundet.

– Vi er skuffa over at regjeringa ikkje har funne plass til å prioritere ressursar til stillingar, infrastruktur eller bygg som kan gjere UH-sektoren i stand til å følgje opp den forventa studentveksten i åra som kjem, kommenterer leiar Bjarne Hodne.

Pengar til utstyr og rehabilitering
Finansministeren kunne i dag fortelje at norsk økonomi går godt, men at han på grunn av auka sysselsetjing og høgare prisvekst er nøydd til å stramme inn tøylane slik at ikkje renta blir for høg.

– Det reviderte nasjonalbudsjettet er strammare enn det som vart lagt fram i fjor. Det er viktig at både inntekts- og finanspolitikken bidreg til å dempe presset på renta i Noreg, sa Johnsen under framlegginga av budsjettet.

Torsdag sette Noregs Bank opp styringsrenta frå 2 til 2,25 prosent, og ifølgje ekspertar vil vi sjå fleire renteauker i åra framover.

Regjeringa har likevel teke seg råd til å leggje på 30 millionar kroner til utstyr og rehabiliteringsprosjekt innanfor universitets- og høgskulesektoren i det nye budsjettet. Det meiner NSO er ei fattig trøst.

– Dette vil kome godt med når institusjonane til hausten må gjere seg klare til å ta i mot endå fleire studentar. NSO framhever likevel at dette på langt nær er nok, seier Nymoen.

Bad om ekstraløyvingar
Frå Teknisk-naturvitskapleg samskipnad (Tekna) vert det òg retta skarp kritikk mot prioriteringane til regjeringa. Det har i år vore ein markant auke av unge som søkjer seg til teknologi- og realfagsstudie, og Tekna hadde i forkant av det reviderte statsbudsjettet etterlyst ekstraløyvingar for å dekkje opp for dette. Men i regjeringskvartalet har dei tilsynelatande ikkje høyrt på forslaget.

– Det er skuffande at regjeringa ikkje har løyvt pengar til fleire studieplassar i teknologi- og realfag, seier president i Tekna, Marianne Harg.

Finansministeren var tydeleg førebudd på reaksjonar i det reviderte budsjettet, og valde å kome kritikarane i forkjøpet ved å sitere dikt. Han las høgt frå Hans Børlis «Å skrive dikt» der det å dikte vert opplevd som like vanskeleg som å «følgje sporet etter ein fugl i lufta».

– Slik er det nokre gonger å drive politikk òg, sa ein humørfylt Sigbjørn Johnsen. 

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!