Slik skal velferdsstaten reddast

 Heller arbeid enn kontantstøtte, tilrår ny og omfattande utgreiing.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik skal dei redda velferds- staten

Ei svært omfattande og følsam utgreiing blei lagt fram for Regjeringa tysdag. Utgreiinga har analysert den økonomisk bærekrafta til velferdsstaten, og korleis den kan takla inn- og utvandring.

Brochman-utvalet rår regjeringa til å satse på ein forsterka og konsekvent aktiviserings- og arbeidslinje for å få fleire innvandrarar i jobb.

LES OGSÅ: Innvandrarar i trygdefella

– Integrering i produktivt arbeid er ein nøkkelfaktor for å fremje langsiktig bærekraft. Velferdsmodellen er avhengig av høg yrkesdeltaking for å oppretthalda eit sjenerøst og universelt velferdstilbod. Analysane til utvalet viser at det er behov for nokre justeringsr av norsk politikk, seier leiaren for utvalet Grete Brochmann.

Lønar seg
– God integreringspolitikk løner seg, medan dårleg integreringspolitikk fort kan bli frykteleg dyrt for samfunnet. Eg opplever at utvalet på mange område gjev støtte til regjeringa sin arbeids- og inkluderingspolitikk. Samstundes blir vi av utvalet utfordra på å strekkje oss endå lenger i dette arbeidet. Dette er viktig for å sikre bærekrafta i velferdsordningane våre framover, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Fleire innvandrargrupper har låg arbeidsdeltaking. Berre ein av tre nordmenn mellom 15 og 64 år med Pakistan som fødeland er i arbeid, viser tal i rapporten.

– Noreg treng arbeidsinnvandrarar. Viss vi skal klara å oppretthalda den høge sysselsetjinga vår må vi vera gode til å integrera nye grupper i arbeidsmarknaden. Rapporten til utvalet stadfestar at dei viktige krava vi stiller om deltaking og aktivitet er rette. Han peikar òg på område vi må sjå nærare på. Eg er allereie i gang med å sjå på korleis overgangsstønaden gjennom aktivitetskrav kan bidra til å få fleire innvandrarkvinner inn i arbeidslivet, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

Kva meiner du? Er det på tide å kutta ut kontantstøtta?

Faktaboks

Tre sentrale politikkområder er vurdert av Velferds- og migrasjonsutvalet: Innvandringspolitikk, arbeidsliv sine- og integreringspolitikk og generell velferdspolitikk.

Utvalet tilrår:
– Ein vidareføring av likebehandlings- og integreringspolitikken som hovudstrategi.
– Å satsa på ein kombinasjon av kompetanseheving, aktivisering og tilrettelegging for å byggja bruer inn i arbeidslivet.
– At ytingar kan vridast frå kontantoverføringar til tenester og tiltak som fremjar deltaking.
– Eit vidare arbeid for å sikre ordna tilhøve i arbeidslivet.
– Lønstilskot