– Hiv er ikkje noko lovbrot

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag avslutta Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) kampanjen "Hiv = ingen forbrytelse" ved å overlevere 2000 underskrifter til Justisdepartementet. Kravet er at Noreg må slutte å kriminalisere hiv-positive.

Kampanjen har sett fokus på at Noreg, gjennom paragraf 155 i Straffelova, kriminaliserer hiv-positive. LNU og våre medlemsorganisasjoner krev at regjeringa følgjer tilrådingane frå UNAIDS og fjernar paragrafen frå norsk lov.

– Aidsorganisasjonen til FN er krystallklare på at lover som kriminaliserer hiv-positive ikkje har nokon førebyggjande effekt. Det lova derimot fører til er at folk blir redde for å bli kriminalisert og unngår og teste seg, noko som igjen aukar risikoen for spreiing, seier leiar i LNU, Gunhild G. Stærk.

To motstridende bodskapar frå Noreg
Noreg blir rekna som eit føregangsland innan internasjonal helse og har forplikta seg til å følgje FN- og UNAIDS-strategien mot diskriminering og stigmatisering av hiv-positive. Land som slit med stor del av hiv-positive i folkesetnaden ser ofte til land med lav hiv-rate for å finne løysingar. Kva ser dei når dei ser til Noreg?

– Noreg ligg på femteplass over landa med kriminaliserande lovverk, og er vi er ein av verstingene når det gjeld faktisk nytte av tiltale og dom mot hiv-positive. Og dei ser at Noreg ikkje bryr seg om at UNAIDS fleire gonger har bede oss om å fjerne paragraf 155 i Straffelova, seier Gunhild G. Stærk.

LNU meiner Noregs to motstridenede bodskapar skader kampen mot hiv internasjonalt og stigmatiserer menneske som lever med hiv her heime.

Snakk saman!
Kampanjen "Hiv = inkje lovbrot" har hatt som mål at Noreg skal fjerne paragrafen i Straffeloven. LNU opplever at Justisministeren og Utviklingsministeren ikkje snakkar saman om dette spørsmålet, og at dette difor ikkje skjer noko i saka. Statssekretær Astri Aas-Hansen (Ap) fekk difor overlevert to walkie-talkiar slik at ministrane Storberget og Solheim lettare skal kunne snakke saman.

– Vi drøymer om at Noreg ikkje berre skal late som om vi er eit foregangsland i slike spurnader, men faktisk vere det. Og vi trur at denne draumen byrjar med at utviklingsministeren snakkar med justisministeren slik at dei saman kan bestemme seg for kva som skal vere Noregs eigenlege bodskapar i kampen mot hiv, seier Stærk i ei pressemelding.