Auka søkartal skaper uro

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg kunne Samordna Opptak fortelje at det er rundt fem prosent fleire som vil studere i år. No fryktar mange at ein skal ta opp fleire studentar enn det er ressursar til.

– Institusjonane blir berre fullare og fullare, og studentmassene blir så store at vi treng eit stort og heilskapleg løft for høgare utdanning, seier Anne Karine Nymoen, leiar for Norsk Studentorganisasjon (NSO).

Ho meiner at høgare utdanning har nådd ein terskel for kor mange studentar ein kan ta inn utan at det går ut over studiekvaliteten. Nymoen trur ein i løpet av kort tid kjem til å trenge mange fleire vitskapleg tilsette, vegleiarar, fleire lokale og meir infrastruktur.

Studentleiaren får støtte av Bjarne Hodne, leiar for Forskerforbundet.

– Det som vekker bekymring er at talet på studentar ikkje står i samsvar med ressursane i høgare utdanning. Vi har allereie i dag ein studentmasse på 40 000 som er teke opp utan fullfinansiering, seier Hodne.

Treng ekstra middel
Om ein har nådd ein terskel er vanskeleg å vita, meiner Eli Bergsvik, rektor på Høgskulen i Bergen (HiB). Ho meiner likevel at NSO og Forskerforbundet har gyldig grunn til å bekymre seg over studiekvaliteten.

– Institusjonane må ta høgd for å gjennomføre noko sjølv, men det finst òg store utfordringar når det kjem til pengar, fysiske tilhøve og praksisplasser, seier Bergsvik, som òg kan fortelje om kapasitetsproblem på HiB.

Høgskulen skal nemleg samlokaliserast i nye lokale på Kronstad i 2014, men som Studvest tidlegare har skrive om, blir dette bygd altfor lite. HiB-rektoren er i utgangspunktet velvillig til å ta opp fleire studentar.

– Vi kan fylle opp klassane våre, men skal vi opprette nye klasser treng vi ekstra middel til å få tak i fleire tilsette og større lokale, fortel høgskolerektoren.

Sprengt kapasitet ved NHH
Òg Jan I. Haaland, rektor ved Noregs Handelshøgskole (NHH), kan fortelje om dårleg plass.

– Vi er heilt sprengt på kapasiteten akkurat no. Vi fekk tildelt nokre ekstra studieplasser i år, men meir enn det har vi ikkje plass til.

Til sommaren startar bygginga av eit nybygg som skal stå klart i 2013, men der blir det heller ikkje rom for større aukar i studenttalet, ifølgje rektoren.

– Nybygget har vorte kutta i av økonomiske årsaker. Det er likevel eit paradoks at vi ikkje kan byggje større i ei tid der søkartalet er høgt, og landet generelt har stort behov for høgare utdanning, fortel Haaland.

– Stort behov for nye plassar
For Universitetet i Bergens del aukar opptaket tilsvarande 80 nye studieplasser i år, men Sigmund Grønmo, rektor ved universitetet, vil avvente med å gjere noko overslag over institusjonen sin kapasitetssituasjon.

– Dei nye søkertala viser først og fremst at det er eit stort behov for nye studieplassar, og vi er svært oppteke av å få ein finansiering som gjer det mogleg å kombinere auka opptak med god studiekvalitet, seier Grønmo.

Rektoren er samd i at det aukande studenttalet utgjer ei utfordring for studiekvalieten.

– Kan ikkje stenge dørene
Tora Aasland meiner studiekvaliteten allereie er sikra.

– Det er ein jamn vekst i studenttalet, noko vi følgjer opp undervegs. Vi er samde i at det ikkje skal gå ut over studiekvaliteten, men midlane som skal til ligg allereie i fullfinansieringa av studieplassane, seier Tora Aasland, ministeren for forsking og høgare utdanning.

Ho trur ikkje høgare utdanning står ved terskelen til å trenge ein storinvestering.

LES OGSÅ: Her er dei populære utdanningane

– Reint materielt slit einskilde stader med at det ikkje er meir plass. Desse institusjonane har vi oversynet over og vi følgjer opp når det meldast behov for større lokale, seier statsråden.

Aasland understrekar viktigheita av å leggje til rette for at fleire skal ta høgare utdanning, utan at det går ut over studiekvaliteten.

– Vi kan likevel ikkje stenge dørene. Utdanningsbølgja må følgjast opp. Det har vi gjort og det kjem vi enno til å gjere, seier ho.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

SØKARTALL FRÅ SAMORDNA OPPTAK
* NHHs bachelorprogram er i år det programmet i landet med størst tal førsteprioritetssøkarar for femte året på rad, og har nesten fem førsteprioritetssøkarar per studieplass.
* I år er det 108 600 søkarar til høgare grunnutdanning. Det er ca 5 200 (5,3 prosent) fleire søkarar enn i 2010.
* Auken den siste femårsperioden kan i stor grad forklarast med større ungdomskull.
Kjelde: Samordna Opptak