Frå hausten kan kvar tredje sivilingeniørstudent vere jente.

Monica Michelsen/Under Dusken
Monica Michelsen/Under Dusken

Ferske tal frå Samordna opptak viser at samanlikna med i fjor hadde 12,84 prosent fleire jenter sett fem-årige masterstudie i teknologi som førstevalet sitt.

Det faktiske talet er 870 jenter. I 2005 var talet berre 416 jenter, skriv tu.no.

– Erfaringsmessig har dei jentene som søkjer seg til desse utdanningane svært gode karakterar, så med ein kvinneleg søkjardel på 26 prosent, kan kvar tredje student som får plass på masterprogramma i teknologi i haust, vera jente, seier NTNU-rektor Torbjørn Digernes i ei pressemelding.

Formidabel utvikling
Rektoren er svært nøgd med auken samanlikna med tala frå 2005.

– Vi har hatt ein auke i kvinnelege søkarar på godt over hundre prosent. Dette er ei formidabel utvikling, som har samanheng med ei medviten og solid satsing gjennom fleire år, både frå NTNU og andre gode krefter, seier Digernes.

Auke jamt over
Søkartala til NTNU auka med 9,92 prosent frå i fjor til i år, viser tal frå Samordna opptak.

11.637 søkarar sette i år NTNU på førsteplass på søknadsskjemaet. Aldri tidlegare har talet vore høgare enn 11.000 søkarar, skriv tu.no.

LES SAKA I UNDER DUSKEN!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

Kommentarar

ANNONSE