Innvandrarar i trygdefella

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Velferds- og migrasjonsutvalet», berre staten kan vel laga ei så tungt namn, men neste veke kjem det vi heretter kallar Brochmann-utvalet under leiing av professor Grete Brochmann med innstillinga si. Mandatet har vore relativt klårt: «Utvalget skal se på effekten av større mobilitet i befolkningen og hva slags utfordringer den norske velferdsmodellen møter på grunn av mer bevegelse over landegrensene», skriv Barne-, likstillings- og inkluderingsdepartementet.

Eller i verkeleg klårtekst. Utvalet skal sjå på kostnadene ved innvandring og kva vi kan gjera for å få desse ned. Så kva har utvalet funne ut og kva kan vi gjera med funna? Dei har funne ut mykje, men truleg er det lite dei kan gjera.

Noreg er ei særmerkt plante i den internasjonale velferdsfloraen: Etniske nordmenn er mellom dei som arbeidar mest i verda, rundt 75 prosent av dei som er i arbeidsfør alder, er i ei eller annan form for arbeid. Men samstundes er vi òg det landet i verda som nyttar suverent mest pengar på å gje folk i arbeidsfør alder trygd og sjukepengar. Heile fem prosent av BNP går med til slikt. Gjennomsnittet i OECD er under to prosent. Spissformulert: Den norske modellen er at mange arbeider hardt for at mange skal sleppa å arbeida. Då seier det seg nesten sjølv at om færre arbeider, så vil det måtte gå ut over dei som ikkje arbeider.

Færre i arbeid
Funna til Brochmann-utvalet er utvitydige: Innvandringa, særleg frå den tredje verda, gjer at færre arbeider og fleire tek imot trygd. Den 11. januar i år la Frischsenteret fram rapporten «Yrkesdeltaking på lang sikt blant ulike innvandrergrupper i Norge». Det var Brochmann-utvalet som tinga denne. Frå før har Frischsenteret synt at to av tre arbeidsinnvandrar som kom til Noreg før innvandringsstoppen, har enda opp som uføretrygda. To av tre nordmenn i same aldersgruppe og med same type arbeidsrøynsle er framleis i jobb. Anten du kjem på familiesameining, som asylsøkjar eller flyktning, mynsteret held fram, syner rapporten.

Etter femogtjue år i Noreg er halvparten av innvandrarane trygda. Berre 25 prosent av kvinnene er i arbeid. Mellom norske kvinner med tilsvarande låg eller manglande utdaning i tilsvarande aldersgrupper er arbeidsdeltakinga over 80 prosent. Sjølv om arbeidsdeltakinga kan vera høg til å byrja med, går ho ned etter ti-femten år for dei fleste gruppene. Verst står det til mellom somaliarane. Berre halvparten av somaliske menn er i arbeid sju år etter dei kom til Noreg, og tre av fire somaliske kvinner har teke imot overgangsstønad for fråskilte, og det sjølv om dei kjem frå eit land der ein knapt praktiserer skilsmål. Nokre få, men mindre grupper, skil seg ut positivt, særleg bosniarar, tamilar og chilenarar, som stort sett ligg på norsk nivå i arbeidsdeltaking.

Kvifor har det vorte slik, kvifor er så mange innvandrarar på trygd etter så kort tid i Noreg? «Trygdesystemet, i kombinasjon med utsikter til lav lønn, gjorde dessuten at den økonomiske gevinsten ved å jobbe var svært lav for mange av innvandrerene», skriv forfattarane av rapporten. Konklusjonen er nokså klår: «For de fleste av gruppene vi har studert i denne rapporten, ser vi en tendens til at sysselsettingsratene faller – og trygderatene øker – etter en periode på 10–15 år i landet. Siden dette mønsteret går igjen nokså uavhengig av tidspunktet for ankomst til Norge, er det vanskelig å forklare dette fenomenet med konjunkturbevegelser. Det synes dermed å være et strukturelt trekk ved det norske arbeidslivet og/eller dets velferdsordninger at det finner sted utstøtnings- eller tiltrekningsmekanismer som gjør det vanskelig å utnytte den innvandrede arbeidskraften fullt ut fram til ordinær pensjonsalder.»

Lite å gjera
Frischsenteret gjev ikkje noko svar på vi kan gjera for å snu trenden, deira rapport er berre skildrande, men det er liten tvil om at det norske velferdsstaten er ei av hovudforklaringane til den låge arbeidsdeltakinga. Grovt sett kan vi seia at det går eit skilje tvers gjennom Europa. I Austerrike har dei frå den tredje verda like høg deltaking som den innfødde folkesetnaden. Sør for Alpane, der velferdsstatane er lite utbygde, har innvandrarane ei høgre arbeidsdeltaking enn den opphavlege folkesetnaden. Nordover og vestover i Europa endrar biletet seg, di betre utbygd velferdsstat, di lægre arbeidsdeltaking.

Fordelingsutvalet under leiing av forskingsdirektør Ådne Cappelen synte i 2009 at Noreg var det landet i Europa der det var størst sysselsetjingsgap mellom majoritetsfolkesetnaden og innvandrarar frå den tredje verda. Det same utvalet synte at den effektive skatten ved å gå frå trygd til arbeid, var over 80 prosent for dei fleste småbarnsforeldre.

Uføreutvalet som kom med si innstilling i 2007, var òg svært oppteke av den høge uføreraten både mellom nordmenn og innvandrar. Dei konkluderte med at svært mange ser på trygd som eit legitimt alternativ til arbeid. I tillegg kjem økonomien: «Det synes godt dokumentert empirisk at økonomi har en betydning for tilstrømmingen til ordninger der helseproblemer i prinsippet skulle være et absolutt kvalifiseringskrav.»

I klårtekst tyder dette at om vi skjer i uførepensjonane, vil det kunne føra til at færre vel trygd som alternativ. Frischsenteret har dokumentert at innvandrarar med mange born vel uføretrygd langt oftare enn dei som har få born. Samanhengen mellom nivå på uføreytingar og arbeid og kombinasjonen fleire born og uføretrygd kjem garantert til å verta eit tema i innstilling til Brochmann-utvalet. Spørsmålet er om dei vågar å koma med framlegg til endringar? Det gjer dei kanskje, men dei kjem neppe til å få gjennomslag.

God uførepensjon
I den opphavlege innstillinga til den store norske trygdereforma, som i hovudtrekk vart vedteken i fjor og i førårs, var det lagt opp til at uføretrygda skulle få lægre alderspensjon enn vanlege pensjonistar og at ingen skulle få meir utbetalt i uføretrygd enn dei fekk i løn medan dei var i arbeid. Det er ikkje lagt fram ei endeleg innstilling til korleis uførepensjonane skal verta sjåande ut, men alt no veit vi at den nye ordninga vert slik at det for svært mange, særleg dei med låg utdaning, vil løna seg å gå av med uføretrygd før dei når pensjonsalderen.

TEMA: SAMFUNNSØKONOMI

I tillegg har både SV internt i regjeringa og KrF eksternt pressa på for at barneforeldre framleis skal kunne få høgre uføretrygd enn dei fekk i løn. Både VG og NRK har hevda at særleg KrF har fått gjennomslag for dette kravet sidan Jens Stoltenberg ynskjer eitt breitt forlik i Stortinget. I tillegg har regjeringa gjort det klart at det ikkje kjem reelle innstrammingar i kvalifiseringsgrunnlaget for uføretrygd eller for den del, i sjukepengenivået, som det igjen er dokumentert fører til at fleire hamnar på uføretrygd.

Overgangsstønadene er det kanskje mogleg å gjera noko med. Gro Harlem Brundtland kutta i si tid overgangsstønaden frå ti år per barn til tre. Denne reduksjonen førte til ein tydeleg auke i arbeidsdeltakinga. Men Brochmann-utvalet kjem heller ikkje her rundt den raudgrøne regjeringa eller KrF. Båe har som mål at vi ikkje skal ha fattige i Noreg, og grensa for fattigdom er 60 prosent av den norske medianinntekta, som er på om lag 400.000, og særleg gjeld dette målet for barnefamiliar.

Som Cappelen har peika på, har Noreg langt på veg nådd dette nivået for etnisk norske. I dag er det tilsiget av innvandrar som i hovudsak gjer at vi framleis har lommer med fattigdom, det har faktisk vore ein viss auke i barnefattigdom i Noreg sidan 2000. I fleire bydelar i Oslo er det slik at ni av ti fattige born har familiebakgrunn frå tredje verda og i hovudsak har desse budd kort tid i Noreg. Om Brochmann-utvalet gjer framlegg om å kutta i bustønad, overgangsstønad, kontantstøtte og sosialhjelp for innvandrarar, vil dette automatisk måtte føra til at endå fleire innvandrarborn kjem til å leva i hushald med under 60 prosent av norsk medianinntekt. Eitt alternativ er sjølvsagt å gje folk meir stønad medan dei har born heime, men så godt som all norsk statistikk syner at om folk fyrst tek imot ei eller annan form for uføretrygd, så kjem dei ikkje attende i arbeid. Berre nokre månader med sjukmelding aukar utstøytinga dramatisk.

Stengte grenser?
Om Brochmann-utvalet ikkje kjem til å få gjennomslag for eventuelle innstrammingar i velferdsordningane, står det likevel att eitt alternativ: Å avgrensa tilsiget av innvandrarar frå den tredje verda. Noreg gjev opphald til langt fleire enn dei fleste andre europeiske land. I høve til folketalet gav Noreg flest opphald i Europa i 2009, i fjor var vi på femteplass. Men det vel tvilsamt om utvalet gjev seg inn på ei såpass kontroversielt område som asylpolitikken. Det dei derimot kjem til å taka opp, har Brochmann fortalt, er henteekteskap.

QUIZ: Kva veit du eigentleg om innvandring?

Noreg har alt stramma inn i familesameiningsordninga, no må ein i hovudsak ha inntekt på over 230.000 kroner i året og vore i arbeid eller under utdanning i fire år etter grunnskulen for å henta ein ektefelle. Dette har ført til ein viss nedgang i henteekteskap utanfrå EU. Desse tiltaka er inspirerte av Danmark, som har fått til ein dramatisk nedgang i henteekteskap etter at landet i 2001 mellom anna innførte ei aldersgrense på fireogtjue år. Sidan 2001 har arbeidsdeltakinga mellom innvandrarar frå den tredje verda gått frå vel 30 prosent til om lag 50 prosent i Danmark. Men no har Danmark og med det Noreg støtt på problem med EU. EU-domstolen har mellom anna lagt ned forbod mot å regulera familiesameining frå Tyrkia, i tillegg seier dei at alle ekteskap inngått i EØS-området mellom ein EØS-borgar og ein frå omverda må handsamast likt med alle andre ekteskap. Dette har i sin tur ført til ein auke i henteekteskapa. No held det i hovudsak å koma seg til EØS-området og gifta seg der for å få rett til opphald i Noreg.

Lakmustesten for kor godt integrering går, plar vera andregenerasjonsinnvandrarane. Med ein del unnatak ser denne utviklinga til å vera god i Noreg. Talmaterialet er rett nok lite og mange innvandrargutar fell ut av vidaregåande skule, men særleg jenter tek høgre utdanning. Spørsmålet er om desse kjem til å vera i arbeidsmarknaden når dei vert gifte og får born.

Men sanninga er at andregenerasjonen kjem til å utgjera ein liten del av folkesetnaden med innvandringsbakgrunn i mange år framover. I det moderate framskrivingsalternativet til SSB går byrået ut frå at det vil vera 1,1 millionar med innvandrarbakgrunn i 2030, 80 prosent av desse vil vera fyrste generasjon. Innsiget er alltid større enn talet på fødde i Noreg. Eitt kan vi vera sikre på: Det kjem innvandringsutval etter Grete Brochmann òg.

LES SAKA I DAG OG TID!