– Må bli meir kommers

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Problemet for nynorsk barne- og ungdomslitteratur er at viss det blir gitt ut 50 barne- og ungdomsbøker i løpet av eitt år, så kjem det ut 500 på bokmål. Bokmålslitteraturen er breiare og femnar meir om populærkulturen. Vi treng fleire popkulturbøker på nynorsk som “Dystopia” av Terje Torkildsen, sa Ingelin Røssland under paneldebatten på landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar i Suldal torsdag.

– Vi treng den breie litteraturen. Enkle bøker på nynorsk, ikkje bare “feinschmeckere”. Gode historier på nynorsk, noko Maria Parr si “Tonje Glimmerdal” er eit godt døme på. Kanskje nynorsk litteratur har blitt for fin, for flink. Eg vil gjerne ha fleire terningkast 3 og G-karakter-forfattarar på nynorsk. Marit Kaldhol si ungdomsbok “Søkeord Ayotzintli” er ei fin bok, men ikkje for dyslektikarar. For mange nynorskforfattarar hadde S i norsk, medan nokre av bokmålsforfattarane kanskje hadde G, held forfattaren frå Tysnes fram.

Tre av dei siste fire UPrisane og tre av dei siste fire Brageprisane for barne- og ungdomsbøker er tildelt nynorskforfattarar.

Bruk kjøpekrafta
Ho oppmoda representantane frå LNK-kommunane om å gå inn for at kommunane skal kjøpe inn bøker av gode nynorskforfattarar.

– Kvifor kjøper ikkje kommunane inn bøker av Maria Parr? Ho har fått mange prisar, men har selt rundt 10.000 bøker. Endre Lund Eriksen sine bøker om Pitbull-Terje sel 10.000 i løpet av eit par veker. Kvifor kan ikkje kommunane vere med og gjere ho større, spurde Røssland.

Det er viktige er historiene
Ingelin Røssland debuterte med “Viss du vil” i 1998. Sidan har det kome fleire bøker frå hennar penn. Den siste er “Engleslakt” som er siste boka i trilogien om Engel Winge.

35-åringen er ikkje så opptatt av språk og målform i sin forfattarskap.

– Mitt mål når eg skriv, anten på bokmål eller nynorsk, er at lesaren ikkje skal tenke på språket. Berre gli gjennom. Viss nokon tatt bort nynorsken i morgon, hadde eg ikkje slutta å skrive. Skrivetrongen er så sterk, fortalde ho.

Gutar i kø
Ingelin Røssland er festivalforfattar på Falturiltu-festivalen på Stord til hausten. Leiar for programkomiteen, Hege Myklebust, fortel at gutar som elles aldri har lese ei bok frivilleg, har stilt seg i kø på biblioteka etter forfattarbesøka til Ingelinn Røssland.

– Ungdomskulturen har mykje å seia, og det er viktig å snakka direkte til dei, understrekar Myklebust.

LES OGSÅ: Sjå kva som er Noregs mest rosa forlag!

Tenkjer for smått
Gutar er les mindre og dårlegare enn jenter, viser undersøkingar. Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum, vil ha fleire bøker for dei.

– Det finst ikkje bøker for gutar mellom 10 og 12 på nynorsk, sa han.

Han synst det blir tenkt for smått om nynorsk barne- og ungdomslitteratur, og utfordra kommunane til å satsa meir på biblioteka sine og bruka marknadsmakta si til å kjøpa inn fleire bøker og til dømes klassesett av Norsk Barneblad. Han utfordra produsentar og utgjevarar til å bli meir kommersielle.

– Me må samarbeida om nye kommersielle og ikkje-kommersielle barnefigurar, sa han.

Er du samd i at nynorske bøker må bli meir kommerse? Kva meiner du skal til for å nå ut til fleire?