Vil ta makta over maten tilbake

Men det er usemje om kva tiltak som vil funka best.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Matkjedeutvalgets la fram maktanalysen sin onsdag. Den viser at dei store matvarekjedene over tid har auka makta si i tilhøve til produsentane og andre ledd i verdikjeda.

– Dei endringane utvalet påviser er av eit slikt omfang og av ein slik karakter at det vil vere naudsynt med vidare politisk oppfølging, seier landbruk sine- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) i ei pressemelding.

Usemje om tiltak
Rapporten skal no ut på høyring. Daglegvarekjedene meiner rapporten til utvalet rapport i for stor grad baserer seg på myter og sviktande faktagrunnlag.

– Mykje informasjon om verdikjeda for mat er ikkje følgt opp av utvalet, seier HSH-direktør Thomas Angell. Han viser blant anna til prisundersøkingar gjennom verdikjeda som viser auka prisar på produsent og industrileddet og lågare priser i daglegvarebutikken, samt fusjonar og oppkjøp som har gjeve større maktkonsentrasjon i landbruksindustrien.

– Matkjedeutvalet har eit forklaringsproblem overfor forbrukarane når dei ikkje vil analysera verknadene av tollbarrierar og eit 80 år gamalt landbruksregime på prisar og utvalet. Det sa adm.direktør Ivar Pettersen i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning, NILF. Allereie er det usemje om kva tiltak som vil fungera.

Vil sikra forbrukarane
Utvalet føreslår ei lov for å sikra redelegheit i forhandlingar og god handelsskikk. Gjennom lova skal forbrukarane sikrast både rimelege prisar, godt utval, god kvalitet og at varene er lett tilgjengelege. For å sikra handheving av lovan føreslår utvalet eit ombod. I tilegg meiner utvalet at det bør opprettast ein dagligvareportal og betre merking av matvarer.

KOMMENTAR: God matskikk

Utvalet ber òg om at styresmaktene vurderer behovet for ein eigen franciselov slik som i Sverige.

Maktforskyvning
Utvalet har avdekt tilhøve som det meiner kan karakteriserast som urimeleg forretningsåtferd. Slike tilhøve kan få konsekvensar for forbrukarane gjennom vareutval og prisar, og har tyding for utviklinga av heile verdikjeden for mat. Desse tilhøva er i dag ikkje omfatta av eksisterande lover. EU arbeider med tilsvarande kartlegging av urimeleg forretningspraksis og det blir diskutert ulike tiltak. Land som Frankrike og England har allereie utarbeida lovverk. Leiaren til utvalet, Einar Steensnæs deltek i EUs høgnivåforum som arbeider med dette temaet.

–  Utgreiinga viser at handelen ikkje lenger berre er handel, men òg kontrollerer distribusjon, innkjøp og i aukande grad industri og primærproduksjon. Handelen framstår då som konkurrent til dei øvrige leverandørane sine. Denne maktforskyvinga, som òg skjer internasjonalt, understrekar at det var viktig og framsynt å setja ned Matkjedeutvalet, seier Lars Peder Brekk.

Er billegg best? Eller vil du har større utval? Eller trur du det går an å få til begge deler?

Faktaboks

Les heile rapporten her!

Her kan sjå og høyra kva Ole Robert Reitan meiner om rapporten: