Vil konkurranseutsetje Lånekassen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil konkur-ranseut- setje Låne- kassen

Høgres studenterforbund føreslår i ein resolusjon til Høgres landsmøte å konkurranseutsetje Lånekassa, noko som vil gjere det mogleg for studentar å ta opp studielån i private bankar.

Nestleiar Aksel Fridstrøm meiner det vil gje større valgfridom og betre tilbod til studentane.

– Lånekassen har lang behandlingstid og få filialar. Private bankar kan tilby betre service og større fleksibilitet. Med studielån i private bankar kan studentane i tillegg sjølv velje når studielånet blir utbetalt.

Sjølv med private tilbydarar av studielån vil Fridstrøm halde på Lånekassen.

– Konkurranse om kundane vil òg gjere tilboda til lånekassa betre. Monopol gjev dårlege tilbod. I konkurranse med det private bankvesenet må Lånekassen strekkje seg, seier han.

Frp er for
Fridstrøm argumenterer òg med at studielån hos private lånegjevarar kan vere ein veg inn på det generelle lånemarknaden.

– Med god betalingshistorikk kan studentane opparbeide seg eit kundeforhold til banken, og slik lettare få lån seinare.

Framstegspartiet har tidlegare kome med meiningar over same lest som den studentforbundet til Høgre no kjem med. Stortingsrepresentant Bente Thorsen (Frp) meiner at ein modernisering av Lånekassen har vorte framskunda dei siste åra på grunn av trusselen om konkurranseutsetjing.

– Frp støttar alle forslag om konkurranseutsetjing av Lånekassa, seier Thorsen.

– Dårleg forslag
Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland (SV) er likevel ikkje vidare begeistra for Høgre-studentane sine forslag.

– Det er eit veldig dårleg forslag. Mange vil få større gjeldsbyrde med slike løysingar. Studentar som ikkje fullfører kan kome til å sitja igjen med lån dei ikkje klarar å betale.

Statleg garanti
I resolusjonsforslaget til Høgres landsmøte føreslår studentforbundet at staten skal garantere for private studielån. Fridstrøm meiner dette vil gje gode vilkår for alle, uavhengig av personleg økonomi.

– Studentar er attraktive kundar, og bankane er oppteke av å knyte til seg unge menneske. Det er ikkje sikkert at private bankar vil tilby nøyaktig dei same vilkåra som Lånekassen. Likevel vil alle ha den same betalingsverdet når staten garanterer for lånet.

Tora Aasland går ikkje med på at ei opning for private aktørar vil gje eit betre tilbod til studentane. Ho påpekar at ein statleg garantiordning òg må administrerast.

– Det er å be om meir byråkrati. Løysinga vil bli dyrare både for staten og studentane. Lånekassa gjev i dag ein konsekvent og effektiv saksarbeid. Det er ein stor fordel å ha éin faginstans som forvaltar retten til studentane til studielån.

Vraka av Clemet
Konkurranseutsetting av Lånekassen vart utgreia då Krisin Clemet var utdannings- og forskingsminister. I ein stortingsmelding frå 2003 om modernisering av Lånekassen vart ei løysing med private bankar forkasta.

Stortingsrepresentant Svein Harberg har ansvaret for høgare utdanning i Høgre. Han viser til Kristin Clemets stortingsmelding, men utelukkar likevel ikkje at Høgre kan gå inn for private alternativ til Lånekassen.

– Vi lever i ei verd som forandrar seg rasande fort. Vi har utgreiinga i botn, så får vi sjekke han opp mot dagens situasjon.

Kan bli høgrepolitikk
Sentrale høgrepolitikarar som Universitas har vore i kontakt med er «i prinsippet samd» i forslaget, men trur ikkje det vil bli prioritert på landsmøtet.

Harberg viser til at redaksjonskomiteen til landsmøtet avgjer kva for saker som kjem til å stå på dagsordenen.

– No er det jo sånn at på eit landmøte før eit kommune- og fylkestingsval vil saker som har med dette valet bli prioritert. Men forlaget frå Høyres studenterforbund vil bli teke opp til vidare vurdering sjølv om det ikkje kjem opp på landsmøtet.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!