Går rett inn i arbeidslivet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingeniørmangelen er likevel gode nyhende for studentane. Knut Erik Nielsen er nettopp ferdig med sivilingeniørutdanninga ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Han meiner at sivilingeniørane blir teke godt imot av arbeidsmarknaden.

– Vi var om lag 40 stykke som gjekk ut frå kullet mitt og alle fekk jobb før dei var ferdige, seier Nielsen.

Han har no fått jobb i Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK). Her jobbar han saman med Jon Christian Jacobsen og Siri Holen Lomheim, som nettopp er ferdige med ingeniørstudia i elkraft ved Høgskolen i Bergen (HiB).

Lomheim understrekar at dei opplevde stor interesse frå arbeidsgjevarar under studia.

– Det var veldig mange føretak som tok kontakt. Dei var interesserte og spurde om kva vi dreiv med og kva for planar vi hadde vidare, seier ho.

Høgt fråfall
Situasjonen er ikkje like god for arbeidsplassane. Ei undersøking frå NAV viser at det manglar heile 6600 ingeniørar i Noreg. Samstundes er berre 3372 nyutdanna klare for arbeidsmarknaden.

Johannes Giske representerer studentane i Bergen i Norges Ingeniør- og Teknologiorganisasjon. Han meiner at noko av årsaka til ingeniørmangelen kan vere høgt fråfall blant studentane.

– Over 50 prosent av ingeniørstudentane fullfører ikkje bachelorgraden. Folk veit kanskje ikkje kva dei gjev seg ut på når dei søkjer, seier han.

Han peikar òg på at frykta for realfag senkar rekrutteringa til utdanninga.

– Det er for få som interesserer seg for realfag. Mange har ein tendens til oppfatte realfag som tunge og kjipe. Dermed blir valt dei vekk tidleg og høvet til å bli ingeniør forsvinn, seier han.

Ole-Gunnar Søgnen er dekan ved Avdeling for ingeniørutdanning ved HiB. Han vil at det skal løyvast fleire studieplasser for ingeniørar.

– Det vil vere stor mangel på ingeniørar framover. Vi håpar at vi kan utdanne fleire. Det har vorte søkt om fleire studieplasser til Kunnskapsdepartementet, seier han.

Må importere
Kyrre Lekve er statsekretær i Kunnskapsdepartementet (KD). Han seier at KD har auka talet studieplassar betydeleg.

– Vi har hatt god plass på ingeniørutdanningane. Problemet har lege i interessa til studentane. Vi kan ikkje auke talet på studieplassar utan nok etterspurnad frå studentane, seier han.

Han understrekar at KD gjennomfører omfattande strategiar for å betre rekrutteringa innan matte, teknologi og naturfag.

– På kort sikt må det likevel rekrutterast frå utlandet. Vi håpar at fleire ungdomar vil sjå at det er gode arbeidshøve ved denne typen utdanning og at søkinga vil auke, seier han.

Dei ferske ingeniørane i BKK trur arbeidsmarknaden vil fortsetje å vere bra framover.

– Gjennomsnittsalderen på arbeidsplassen vår er på 47 år. Så det er mange som kjem til å gå av med pensjon framover, seier Jon Christian Jacobsen.

LES SAKA I STUDVEST!