1 av 7 vil forby religiøse symbol

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi meiner at nytta av hijab er kvinneundertrykkande, siar Aina Stenersen, politisk rådgjevar og sentralstyremedlem i Fremskrittspartiets ungdom (FpU).

Vi møter Stensersen saman med ei gruppe studentar med bakgrunn frå FpU. I likskap med moderpartiet vil dei gå inn for eit forbod mot det dei kallar «prangande religiøse symbol» i grunnskulen, mellom dei det muslimske hodeplagget hijab.

– Muslimar seier jo sjølv at hijaben symboliserer at kvinna er underlagt mannen, og at ho må dekke seg til for å ikkje freiste han, seier ho.

15 prosent av norske studentar meiner at synlege religiøse symbol i skulen ikkje burde vera lov, viser ei undersøking som Studentum har gjennomført. Det kjem òg fram at delen som meiner det bør vere valfritt har gått fram med heile 12 prosentpoeng til 71 prosent sidan i fjor.

Spørsmålet presiserer ikkje kva for del av utdanninga forbodet skal gjelde for, men undersøkinga omhandlar høgare utdanning.

Fryktar konsekvensane
– Eit forbod mot til dømes nytte av hijab ville kunne forhindre mobbing, samstundes som det vil fremje integrering og likestilling, seier Torbjørn Weiseth, statsvitenskapstudent og formann i Akershus FpU.

Haroona Ijaz, pedagogikkstudent ved UiO, kjenner seg ikkje igjen i FpU-aren si skildring.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

– Eg kjenner mange unge jenter som brukar hijab, og har ikkje inntrykk av at nokre blir tvinga til å gå med det for å unngå å freiste menn. Viss det er sant at nokre grunngjev bruk av hijab på den måten, så må det i så fall gjelde ein ekstremt liten del av norske muslimar, seier ho.

– De fleste nyttar hijaben berre for å vise den religiøse identiteten sin.

Ijaz fryktar konsekvensane dersom opinionen òg skulle ynskja eit forbod av hijab ved universitet og høgskular.

– I dag er det ein stor del jenter med innvandrarbakgrunn som tek høgare utdanning. Mange av desse nyttar òg hijab, seier ho.

Viss ein går inn for eit forbod, er eg redd for at desse vil forsvinne frå universiteta. Det ville vere eit enormt tap for integreringa, meiner ho.

Frykter polarisering
Nils Butenschøn, professor og direktør ved Norsk senter for menneskerettar, stiller seg kritisk til å innføre eit forbod mot religiøse symbol ved norske utdanningsinstitusjonar.

– Eit forbod er ikkje nokon farbar veg. Skulle ein innføre noko slikt, ville det berre polarisere og politisere saka. Folk ville føle seg krenkt, spesielt viss forbodet skulle bli handheva med tvangsmakt. Dersom ein meiner at foreldre påfører born religiøse praksisar som kjem i konflikt med rett til individualitet, kjem ein ingen veg ved å bruke lova, seier han.

LES OGSÅ: Fleire personlege kristne

FpU-arane meiner at ein etter avslutta grunnskule vil vere vaksen nok til å ta sjølvstendige val, og ynskjer difor ikkje noko vidare forbod. Men nytta av religiøse symbol kan forbli uproblematisk, òg ved universitetet, meiner dei.

– Ein så jo saka om studenten som fekk hijaben undersøkt fordi ein mistenkte bruk av høyretelefonar. Ein kan fort skjule noko under ein hijab, seier Weiseth.

LES SAKA I UNIVERSITAS!