Medieelevar streamar breibandskonferanse

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medie- elevar streamar breibands- konferanse

Dei tre elevane ved Sogndal vidaregåande skule har gjort fleirkameraproduksjonar tidlegare, men dette er første gong dei har eit oppdrag utanfor fylket og gjer jobben utan lærar som back-up. – Vi får mykje ansvar, men eg føler at vi utfyller kvarandre på oppgåvene, så saman skal vi nok klare dette fint, seier Silje Bråstad frå Hyllestad om jobben med å overføre breibandskonferansen direkte på nett.

Saman med Sara Eline Fritun frå Leikanger og Simen Loftesnes frå Sogndal, er ho plukka ut til å overføre Nasjonal breibandskonferanse direkte på nett. Med seg på laget, har dei Petter Stenstadvold frå fylkeskommunen og Breibandsforum.

Nasjonal breibandskonferanse vert arrangert av IT-forum Sogn og Fjordane og går av stabelen på Gardermoen måndag 4. april.

Første streamingoppdrag utanfor fylket
– Vi har gjort slike fleirkameraproduksjonar før, men då har vi hatt med oss læraren vår, Johnny Flaten, som vi kunne spørje om det var noko. Det er også meir ansvar på kvar person denne gongen, sidan vi berre er tre personar. For min del vert det nytt å dekkje både regi, mix og script, så det blir kanskje litt stressande, men eg gledar meg veldig, seier Silje i ein e-post frå London, der dei tre elevane er på skuletur denne veka.

Dei kjem heim derifrå laurdag kveld og reiser så meir eller mindre direkte til Gardermoen og breibandskonferansen. No gler dei seg til sitt første streamingoppdrag utanfor fylket.

– Det blir interessant å jobbe med eit så stort oppdrag utanfor fylket, og eg er spent på korleis trøkket er der i høve til her, seier Sara Eline.

Intensiv jobb
Tidlegare har dei gjennom elevbedrifta Sogn Mediaservice, gjennomført oppdrag for IT-forum, Høgskulen i Sogn og Fjordane, NM i klatring og Sogndal Filmfestival/NRK. På breibandskonferansen skal dei tre på 17 og 18 år ha ansvaret for fleirkameraproduksjon, noko som omfattar regi/bildemix, kamera og lyd. Simen trur dette er ei oppgåve dei tre vil løyse heilt fint.

– I starten var fleirkameraproduksjon vanskeleg, men det blir betre og betre for kvar gong, og vi løyser alle utfordringar så godt som vi kan. Eg trur eigentleg det vert ein enkel, men intensiv jobb, sånn som dei andre oppdraga vi har hatt, seier han.

Elevane går i andreklasse på lina medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule og er leigde inn gjennom elevbedrifta Sogn Mediaservice.