Må velja mellom buss eller kaos

Vi har valet mellom kraftig utbygging av kollektivtrafikken eller kø og kaos i dei største byane, ifølgje ny rapport.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette går fram av ein heilt ny analyse av trafikkveksten fram til 2030, utført av Urbanet Analyse for KS.

Ifølgje analysen vil det bli over dobbelt så dyrt å la biltrafikken ta den venta trafikkveksten som å byggje ut kollektivsystemet. Skilnaden vil vere på over 140 milliardar kroner. Analysen viser òg det overraskande resultatet at det ikkje spelar noka rolle om vi vel ei løysing med dagens fordeling mellom bil og kollektivtrafikk eller ein rein bilbasert løysing. Begge vil krevje investeringar på over 280 milliardar kroner fram til 2030. Begge vil òg gje ein bilandel på over 60 prosent.

– Dette viser at det er behov for eit kraftig trendskifte i løyvingane til kollektivutbygging. Vi har reelt sett ikkje noko val. Alle andre alternativ har altfor store samfunnsøkonomiske kostnader. Ikkje minst i form av kø og trafikkaos, fastslår områdedirektør Helge Åtte i KS i ei pressemelding.

Befolkningsvekst
I dei ni største byområda i Noreg er det forventa ein vekst i folketalet på 28 prosent frå 2010 til 2030. Befolkningsveksten krev vesentleg kapasitetsauke i transportsystemet, uavhengig av om veksten er med bil eller blir teke av miljøvennlige transportformer. Prognosane viser at det dagleg vil gjerast rundt 2 millionar fleire reiser i dei ni største byområdene i 2030 enn i 2010.

Kø, kork og kaos
Det kan forventast kø, kork og kaos, spesielt i dei største byområdene, viss kapasiteten ikkje blir auka. Einsidig bilbasert trafikkvekst er betydeleg dyrare for samfunnet enn ein trafikkvekst som blir handtert med kollektivtransport og sykkel. Manglande kapasitetsøkning vil koste samfunnet mellom 9 og 21 milliardar kroner årleg berre i køkostnader.

* Eit Trendscenario, der forventa trafikkvekst i hovudsak takast av bilen, krev investeringar på 273 milliardar kroner dei neste 20 åra
* Eit Bilscenario, der all trafikkvekst skjer ved økt bilbruk, vil krevje investeringar på 292 milliardar kroner neste 20 år.
* Eit Miljøscenario, der all trafikkvekst blir fordelt på kollektivtransport og sykkel, vil koste 142 milliardar kroner dei neste 20 åra.

Klimautslepp og bilbruk
Det vil bli auka klimautslepp med ein bilbasert trafikkvekst, sjølv når det blir tatt omsyn til at bilparken blir meir energieffektiv. Dersom trafikkveksten skal berre skal bli tatt av bilen vil klimautsleppa auke med 20 prosent. Viss trafikkveksten skal bli tatt av kollektivtransport og sykkel vil klimautsleppa auke marginalt.

LES OGSÅ: Sparar millionar på sykkelsatsing

Viss byane ikkje satsar på auka transportinvesteringar vil køproblema i byane kunne auke dramatisk, med store vanskar med å koma fram for både for næringslivet og privatpersonar. I dei største byområda er det rimeleg å tru at det høge talet er det mest reelle, medan det i dei fem mindre byområda vil ta noko tid før kapasitetsgrensa er nådd. For den einskilde bilisten vil situasjonen blir tydeleg forverra ved at reisetidene aukar dramatisk, kjem det fram av rapporten.

Kva meiner du må til for å få fleire til å reisa kollektivt?