Jon Hustad: Det som er attraktivt ved Frp og SV, er òg det som gjer at dei neppe vert normale parti.

Jon Hustad, Dag og Tid
Jon Hustad, Dag og Tid

Dei fleste politikarar veit når dei lyg, og dei gjer det stort sett heile tida. Det er ikkje særmerkt skadeleg; dei fleste normale veljarar og medlemer veit når politikarane lyg. Tak til dømes det siste bråket rundt arbeidsmiljølova og turnusane i helsesektoren. Oslo universitetssjukehus braut arbeidsmiljølova over 50.000 gonger i fjor, men hadde dei ikkje gjort det, ville pasientane stått utan hjelpe- og sjukepleiarar svært mange dagar. Likevel seier Martin Kolberg, Jens Stoltenberg og Hanne Bjurstrøm at systemet skal fylgjast, og at det ikkje skal endrast.

Neste gong vi får ei borgarleg regjering, vert systemet reversert. Fagforeiningane vil missa kontrollen over turnus­listene, og Arbeidstilsynet kjem på nytt til å få løyve til å gje unnatak for arbeidsmiljølova, slik dei hadde før denne regjeringa fekk makta. Ap kjem aldri til å reversera denne avgjerda når dei ein gong får att makta. Dei har lært no, men dei kjem likevel til å halda fram med å lyga ei god stund enno.

Dei realistiske partia i den norske partitradisjonen er mellompartia, Høgre og Arbeidarpartiet. Desse partia er tvers gjennom pragmatiske, men nett i dette at dei er så pragmatiske, og for å seia det rett ut: løgnaktige, ligg veikskapen. Idealistane, dei som trur alt er mogeleg, og at alt kan gå, orkar ikkje denne pragmatismen, dei går til randpartia. Spissformulert: Veljarane av randparti er viljuge til å festa som om det ikkje er nokon morgondag, som om det dei står for, ikkje har konsekvens.
Både SV og Frp har den siste tida til fulle stadfesta at dei ikkje er ansvarlege parti. Inst inne trur dei framleis at alt går.

Våt t-skjorte
Tak dette med seksualitet. I norsk politikk er det rådande synet at menn må oppføra seg høvisk og ikkje-seksualisert andsynes kvinner. Alle norske parti med unnatak av Frp er samde i ein slik praksis. Som vi hugsar: Carl I. Hagen deltok som ivrig domar på misseshow og lét seg avbilda med damer med våte t-skjorter. Slikt gjer noko med ein partikultur.

Eg har vore på ein del politiske samkomer i mitt liv, det dei har sams, er at dei har vore keisame og høviske. Men for nokre år sidan var eg til stades på eit møte i Frp; eg var hyrt inn som føredragshaldar. Kvelden før føredraget åt eg middag med nokre frå partileiinga og var til stades på festen. Det var som å vera til stades på ein dans i heimbygda, eller på julebordet hjå den verksemda eg arbeidde i medan eg studerte. Heile stemninga var tvers gjennom seksualisert, frå toppen av partileiinga og heilt ned på golvet. Kvinnene var objekt og mennene erobrarar. Eg hugsar at eg tenkte med meg sjølv at det ikkje kjem til å gå i lengda, men eg tenkte òg at det er dette som gjer Frp så attraktivt. For her var signala ekstremt tydelege: «Vi i Frp er ikkje keisame, hyklerske moralistar. Vi gjer som vi vil. Her er det oss mot resten.»

Ufri
Men skal eit parti overleva, det vil seia, ein eller annan gong få verkeleg makt, så må det både vera hyklersk, moralistisk og ikkje minst pragmatisk. Essensen i det å vera politikar er å vera ufri. Difor er ikkje den siste sexskandalen eller Søviknes-saka overraskande. Dei måtte nesten koma i eit parti som Frp. Nei, eg seier ikkje at politikarar frå andre parti ikkje har hatt uheldig sex, eller at andre parti ikkje vil koma til å få ein sexskandale: Men desse kjem til å koma trass i partikulturen, ikkje på grunn av partikulturen.

Frp, derimot, har feira seg sjølv som fridomspartiet. Difor makta dei heller ikkje å koma med adekvate svar då krisene kom opp. I staden for å sjå at dei hadde eit problem i partikulturen, gjekk Siv Jensen og Geir Mo i vranglås og sa at det var alle dei andre som hadde problema. Frp har altfor lenge trudd at total fridom er mogeleg. Men fridom utan ansvar går ikkje. Her ligg òg paradokset: For om Frp ikkje dyrkar den totale fridomen, misser dei òg den appellen dei har andsynes veljarane.

Då er vi over på det andre ikkje-pragmatiske norske partiet: SV. I botnen av SVs tradisjon ligg pasifisme, nøytralitet og kamp mot kynisk realpolitikk og alliansebinding. Dette er ei svært unorsk haldning, og SV er då også det einaste partiet som har gått inn for ein slik politikk i nyare norsk historie. Problemet er berre at store delar av SV har trutt på denne politikken.

Der Gerhardsen for å tekkja venstresida i norsk politikk kunne koma med ulydar mot USA og NATO, sytte den same Gerhardsen for å knyta oss tettare opp til både USA og NATO. Og jamvel om Gro sa at ho var mot dobbelvedtaket, så visste alle med ein snev av realisme at det var ei lygn, men sidan dei borgarlege partia hadde fleirtal, kunne Gro og Ap kosta på seg å vera opportunistiske. Norsk tryggjingspolitikk har i røynda lege fast gjennom seksogseksti år, og ved å gå inn ei regjering med Sp og Ap slutta SV seg reelt opp om denne politikken.

Idealisme
Det vanskelege med SV er at dei også vil tru på den politikken dei no fører, dei vil at han skal vera forankra i idealisme. Der Frp meiner at fridom skal berga verda, meiner SV at det er dei gode tankane som skal frelsa oss frå det vonde. Men ingen av desse tankane lèt seg fullt ut kombinera med regjeringsmakt. Av ein eller annan grunn ser SV framleis ut til ikkje å ha forstått dette. Under landsmøtet sist helg skar det seg då også heilt. I ein desperat freistnad på å legitimera bombinga av Libya gjekk SV frå å vera eit fredsparti til å verta eit krigsparti og stod fram som ein rein parodi på seg sjølv.

Kvifor er Noreg med i bombinga av Libya? UD var for inntil kort tid sidan imot, Forsvaret var lenge imot, ein del tyder på at Statsministerens kontor var imot. Men så makta ein hyperaktiv Sarkozy, som hadde trong til å betra den elendige franske posisjonen i Nord-Afrika, å overtala Tryggjingsrådet til å legitimera eit åtak. Og brått endra den offisielle norske retorikken seg. No tala alle om å verna dei sivile.

Særleg for internasjonalistane i SV var vedtaket i FN problematisk, for det same SV har gått mot svært mange krigar av di dei har vanta mandat frå FN. Kva skulle dei no gjera? Dei valde å slutta opp om den offisielle norske politikken, som er å gjera som FN og dei sterke NATO-landa, USA, Storbritannia og Frankrike, vil at vi skal gjera. Eg vil gjerne tru både Støre og Stoltenberg når dei seier at vi gjer dette for å verna den sivile folkesetnaden, men eg har ikkje særleg tru på at dei eigenleg meiner det. For revolusjonar og regimeendring­ar i land i den tredje verda lukkast i røynda aldri. Ein despot vert avløyst av ein annan, og i mellomtida lid dei sivile.

Bomb Israel
Men kan SV offisielt seia det dei fleste andre ser: At bombinga av Libya er eit stort risikoprosjekt, men at realpolitiske omsyn tvingar oss til å vera med? Nei. For kva vart landsmøtekompromisset: Delegatane bad om endå meir rettferd og vedtok denne formuleringa: «Verdenssamfunnets troverdighet i konfrontasjon med Gaddafi-regimet svekkes når reaksjon mot andre stater i regionen som begår overgrep mot sivile uteblir. Verdenssamfunnet må derfor også reagere mot israelske flys angrep på Gazastripen.»

I klårtekst kan dette vanskeleg tyda noko anna enn at når vi no går til åtak på Libya, så må vi gjera det same mot Israel – som er den sjette sterkaste militærmakta i verda, har den mest krigsrøynde hæren og som er utstyrt med minst 140 atombomber. Men kvifor stogga der? India er ei okkupasjonsmakt, Russland er ei okkupasjonsmakt, Marokko er ei okkupasjonsmakt, Kina er ei okkupasjonsmakt. Lista berre går og går. I staden for å gjera det andre parti av og til må gjera: å lyga eller å vrengja på fakta, vel SV altså igjen å vera prinsipielle og å seia at alt som dei meiner er godt, òg er det rette. I helga regna det elles Hamas-rakettar over israelske sivile område.

Å vera i politikken er å halda att, å vera disiplinert og å tala seg bort frå ting. Absolutt idealisme og absolutt individuell fridom er ein illusjon. Frp og SV har til fulle synt det dei seinaste to vekene.

LES KOMMENTAREN I DAG OG TID!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE