Rekordhøge juksetal

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekord- høge juksetal

– Vi er så strenge at ein kan bli teke for juks viss det ringjer i ein telefon i ein av desse veskene, seier overinspektør ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet (MatNat) Sveinung Moltubak, og peikar på bagane studentane har måtta leggje frå seg føre i eksamenslokalet.

Minst 20 av studentane som er i gang med å avleggje eksamen, hoppar skremt opp frå stolen sin og går fram for å skru av mobilen når dei høyrer åtvaringane til Sveinung.

– Der var det mange som reiste seg, ja. Endå dei veit dette godt frå før. Dei er nok litt nervøse no, kommenterer ein annan av eksamensvaktene.

Juksinga kostar
Sveinung fortel at vaktene er vorte meir oppmerksame på juks den siste tida. Det stemmer òg med statistikken. I løpet av 2000-talet har UiO sett meir enn ein tidobling av studentar som blir knipe i å jukse på eksamen eller på obligatoriske oppgåver. Ferske tal viser at 45 UiO-studentar vart dømt for juks av Klagenemda i fjor, samanlikna med berre fire studentar i 2002.

– Universitetet har hatt eit spesielt stort fokus på fusk dei siste åra. Spesielt har vi forsterka kontrollen, og dette gjer at vi avdekker meir juks enn før, uttalar studiedirektør ved UiO, Monica Bakken.

I takt med at fleire studentar blir dømt for juks har òg universitetet sine advokatutgifter skote i vêret. Blir du teke i juks har du ifølgje lova rett til å hyre inn forsvarsadvokat for å så sende rekninga til universitetet.

– Tanken bak dette er at det er institusjonen som er den store sterke, og som i desse sakene initierer saka, fortel Bakken.

I 2010 betalte UiO nærare 275 000 kroner til advokatar i samband med klagesaker på juks. Dette er 62 prosent høgare enn forrige rekord i 2008.

Flest teke på MatNat
Av studentane som vart dømt for juks i fjor tilhøyrde ti Det humanistiske fakultet (HF). Statistikken ser likevel dystrare ut for MatNat. Meir enn 50 prosent av UiO-juksarane i fjor gjekk på studieprogram ved dette fakultetet.

Studiedekan ved MatNat, Annik Myhre, meiner fakultetet sine gode kontrollrutinar er grunnen til at studentane deira tronar øvst på den lite prestisjefulle lista.

– Vi er veldig strenge og slår hardt ned på juks på fakultetet, og det er kanskje difor vi tek såpass mange. Vi har ulike dataprogram for å finne ut av kva studentane har gjort på eigenhand og kva som er kopiert frå andre, seier ho.

Vart mistenkt for juks
«Siri» er ein av mange MatNat-studentar som dei siste åra har vorte skulda for å fuske. Ho synest saka er ubehageleg, og ynskjer å vere anonym.

– Eg tok eit informatikkfag der vi skulle levere inn mange obligatoriske oppgåver i løpet av éit semester. Ein dag fortalde førelesaren meg at ein av oppgåvene mine var 75 prosent identisk som ein annan og at han hadde sendt inn ein mistanke om juks. Dette var like før eksamen og eg fekk fullstendig panikk, fortel ho.

Den andre oppgåva førelesaren hadde bite seg merke i tilhøyrde den gode studiekameraten til «Siris».

– Vi pleidde å samarbeide og før innleveringen sende eg han notata mine. Etter at mistanken vart retta mot oss, innrømt han at han hadde kopiert ting frå meg i innleveringa. Han sa han ikkje hadde visste kva han skulle gjere fordi han låg så langt bak i faget, seier ho.

– Kan føre til utestenging
Studiedirektør Bakken fortel at annullering av eksamen er den mildaste straffa du kan få viss du juksar.

– Er det eit svært grovt tilfelle, vil ein òg bli utestengt frå universitetet frå éit halvt til éit år. Då gjev vi informasjonen vidare til andre utdanningsinstitusjonar, slik at studenten heller ikkje kan avleggje eksamen andre stader i Noreg i den perioden, seier ho.

«Siri» vart til slutt reinvaska og fekk eksamen godkjent. Ho fortel at det tok lang tid å få ei avgjerd i saka, og at kameraten i denne ventetida sjølv valde å ikkje gå opp til eksamen i faget. Då han ikkje gjorde dette, mista han automatisk òg retten til å melde seg opp til mange andre fag på studiet.

Mykje kopiering
Saka til Siri er sannsynlegvis eit typisk tilfelle av MatNat-juksing.

– Det viser seg at det er særleg på obligatoriske innleveringar at det føregår juks og plagiat. Spesielt på informatikk- og programmeringsfaga vel studentane å kopiera av andre, seier Annik Myhre.

Hun kan opplyse om at fakultetet i tillegg til plagieringsverktøy òg har satsa på førebyggjande tiltak for å minske delen juksarar.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!