Her bruker dei 35 millionar ark i året

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I gjennomsnitt brukar dei tre største lærestadene i Bergen 1450 ark per student i året. Noregs Handelshøgskole (NHH) ligg godt over dette gjennomsnittet, og brukar dobbelt så mange ark per student som Høgskulen i Bergen. Erik Lundberg, leiar ved administrativ og teknisk driftsavdeling på NHH, seier det er ein interessant observasjon. Nokon konkret plan har dei likevel ikkje.

– Vi har ingen eksplisitte mål om å redusere papirforbruket. Vi har eit ynskje om å redusere avfallet og det er jo papir ein betydeleg del av, informerer han.

Bør kutte
Noreg har eit relativt lågt papirforbruk i tilhøve til mange andre velstående land. Likevel meiner Hanna Kristensen Husabø, kontoransvarleg ved lokallaget til Framtiden i våre hender i Bergen, at vi har eit stykke igjen.

– Generelt brukar vi alt for mykje papir, seier ho.

Ho meiner at ny teknologi bør vere med på å redusere papirforbruket.

– No burde det vere mogleg å bruke meir elektroniske hjelpemiddel i staden for å bruke så mykje papir, meiner Husabø.

Tiltaksplan og store skjermar
UiB er den største av dei tre utdanningsinstitusjonenene målt i både studentar og papirforbruk. Dei har ein tiltaksplan som går ut på at dei skal redusere papirforbruket med to prosent i året og 20 prosent på lang sikt. Kjetil Aursland, overingeniør ved Helse-, miljø- og tryggleiksseksjonen ved UiB, opplyser at papirforbruket har gått ned fem prosent i høve til snittet dei siste tre åra. Det har vorte sett i gang fleire tiltak for å bruke teknologi til å få ned forbruket.

– Det er meininga at det skal bli pullprint overalt på universitetet. Alle ny printere ha høve for å koble på pullprint, seier han.

Skrivarar med pullprint har dobbeltsidig utskrift som standardfunksjon og krev at ein dreg kortet på skrivaren for å skrive ut. Det reduserer mengder ark og uavhenta utskrifter.

Elektroniske løysingar
Det er òg meininga at færre dokument skal bli skrive ut i det heile teke.

– IT-avdelinga tilrår no 24-tommar skjermar for å gjere det lettare å lese elektronisk. Nokon foretrekker jo fortsett papir, men det er betre å tilretteleggje slik at det blir lettare å lese på skjerm, legg Aursland til.

– Løn til alle tilsette skal nå over på systemet Paga. Ein får ikkje lenger lønnsslipper i papirformat. Med over 3000 tilsette som skal ha løn tolv gonger i året med konvolutt utanpå er dette eit tiltak som verkeleg monnar, avsluttar han.

Kva meiner du skal til for at me skal bruka mindre papir?

Faktaboks

* UiB: 24 289 700 ark
* HiB: 5 300 000 ark
* NHH: 5 865 000 ark