Inviterer til å byggja på Mars

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske ingeniørar har temt fossane, vinden og henta opp olje og gass frå Nordsjøen. Men i dag blir utdanna det få ingeniørar. Kampen om ingeniørane er knallhard. For Noreg manglar tusenvis av ingeniørar. I dag blir utdanna det berre halvparten så mange ingeniørar som Noreg treng. Årleg blir litt utdanna over 3000, medan det ifølgje ein bedriftsundersøkelse Nav utførde i 2010 manglar 6310 ingeniørar i Noreg.

Astronomisk utfordring
Det pågår eit intenst kappløp mot Mars, og USA, Europa, Russland, Japan og Kina leiar an i arbeidet med å innta naboplaneten vår. Ifølgje internasjonale forskningsmiljø vil den første bemanna ferda til Mars skje om 20 år, og rundt år 2050 har menneskja truleg byrja kolonialiseringa av den raude planeten.

AF Gruppen etterlyser no dei beste og mest innovative løysingane til korleis vi menneske kan innta og leva godt på Mars. Det beste forslaget blir lønna med ei ferd ut i verdensrommet i 2012. Håpet er å vekkja interesse kring realfag, og få fleire til å ta ei ingeniørutdanning.

– Sjølv om det er lenge til me faktisk kan byggja på Mars, kan det at me tenkjer nytt om høva på ein annan planet gje oss idear til òg å tenkja nytt på Jorda. Når me startar med blanke ark på ein annan planet, vil det stimulera til innovative og spennande løysingar me òg kan nytta i dag, seier Pål Egil Rønn, konsernsjef i AF Gruppen i ei pressemelding.

Bli ein Terraformer!
Ein overkommeleg avstand frå Jorda til Mars, mykje is på planeten og tilhøva elles gjer at dette er den planeten det er størst sannsyn at me menneske kan klara å busetja oss på først.

– For at menneske skal kunne leva og bu på Mars, vil det først bli bygd vernande kapslar, og deretter vil ein kunne leva ope i ein skapt atmosfære. Dette blir kalla Terraforming, det vil seia at ein ”jordformar” Mars til å bli like grei å bu på som Jorda, seier astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard. Forskarane jobbar med løysingar som sikrar tettare og varmare atmosfære slik at ein kan puste, dyrka mat, bu og ikkje minst byggja her. Isen vil etter kvart tine og danne sjøar, hav, elvar og livgjevande regn.

Kampanjen ”Bli med og byggje på Mars” utfordrar deltakarane til å koma med løysingar innan anlegg – infrastruktur, transport, bygg og eigedom, miljø og energi. Løysingane må ta omsyn til alt frå ekstreme temperaturar, trykkforskjellar, solstråling og ein anna lengd på døgeret enn me har på Jorda.