Ei fersk undersøking syner at over halvparten av nordmenn opnar for at deira neste bil er ein elbil eller ein utsleppsfri bil.

Frode Rene/Avisa Hordaland
Frode Rene/Avisa Hordaland

 – At så mange svarar at det er mogeleg at dei vil velja utsleppsfrie bilar, er overraskande, seier Inger Elisabeth Sagedal, kommunikasjonssjef i NAF.

Avgiftsfritt
Utviklinga av ny teknologi har kome så langt at det no kjem utsleppsfrie bilar og elbiler som dekkjer eit heilt anna bruksområde enn tidlegare. Det ser ut til at mange har fått med seg dette og difor ser på elbil som eit reelt alternativ ved bilkjøp.

Per i dag har elbilar fullt avgiftsfri-tak i høve til eingongsavgifta og i tillegg ei rekke andre fordelar som fri bompassering, gratis parkering og lov til å køyra i kollektivfeltet. Desse tilboda er der for å få fleire til å kjøpa elbil.

Kjøpevitreglar
– Av dei spurde er det heile 70 prosent som meiner at elbilar framleis bør ha fullt avgiftsfritak, seier Sagedal, og legg til at dette er heilt i tråd med NAF sin politikk, nemleg at styresmaktene ikkje må leggja avgifter på elbilar før dei har vorte ein del av den kommersielle marknaden.

NAF har saman med Norstart – Norsk Elbilforening og Forbrukerrådet laga kjøpevitreglar for elbil. Rettleiinga omfattar også ei oversikt over alle elbilar som finst i den norske marknaden med tekniske spesifikasjonar. Oversikta vert oppdatert med nye bilar etter kvart som dei kjem i marknaden.

LES SAKA I AVISA HORDLAND!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

ANNONSE