Målungdom fyller 50 år

Norsk Målungdom samlar seg til jubileumslandsmøte i Oslo i helga.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den språkpolitiske ungdomsorganisasjonen blei stifta i 1961, og skal feire 50-årsjubileet med både fest, stas og språkpolitikk.

– Jubileet er ikkje berre ei feiring av det som har vore, men også ei unik moglegheit til å leggje grunnlaget for det som skal kome, seier Janne Nygård (21), leiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding. Nygård har store planar om å utnytte potensialet som ligg i jubileet til å setje viktige språkpolitiske spørsmål på dagsorden.

– Mellom dei viktige sakene kan vi til dømes nemne lærarutdanninga. Lærarane er til for elevane, og då må vi sikre at lærarane har det grunnlaget som skal til for å kunne gi elevane fullgod opplæring i både nynorsk og bokmål. Ikkje minst må det til for oppfylle elevane sine språklege rettar, som altfor ofte blir oversett, seier Nygård, som sjølv er lærarstudent ved Universitet i Oslo.

Janne Nygård, som kjem frå Jølster i Sogn og Fjordane, har vore leiar for Målungdommen det siste året. 21-åringen stiller til val for ein ny periode som leiar, og med seg på laget ser ho mellom anna ut til å få Johanne Marie Kydland Torvund (19) frå Hå i Rogaland. Torvund er innstilt som ny dagleg leiar.

Faktaboks

Norsk Målungdom blei skipa på Vinstra i 1961 som Noregs Student- og Elevmållag, etter eit initiativ frå Studentmållaget i Oslo og Noregs Mållag. Organisasjonen skifta namn til Norsk Målungdom i 1972.
Alt i 1877 var det skipa eit studentmållag ved Stord lærarskule. Fleire kom til, med Studentmållaget i Oslo frå 1900 som det viktigaste. Utover i 1950-åra tok også gymnasiastar til å skipe elevmållag. Som for Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag kom altså lokallaga først også her.
Kjelde: Alllkunne