Her får russen gratis tog og buss

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Østfold kollektivtrafikk, NSB, TIMEkspressen, Trygg trafikk og Fylkets trafikksikkerhetsutvalg ynskjer gjev russen 2011 gratis kollektivtransport i russetida. Frå 15. april til 18. mai kan 2300 russ reise gratis med både buss og tog i Østfold.

Russen jublar
Russepresident i Halden, Celine Kalmàr, fortel at russen jublar over gratistilbodet.

– Det er mange farar som fyllekjøring og andre dumskapar ein kan unngå ved å nytte dette tilbodet, og i tillegg sparar ein bensinpenger, seier Kalmàr.

LES MEIR: Femtilappar kan redda liv

Russepresident i Moss, Atle Lycke, trekkjer òg fram miljøsiden av tilbodet og set pris på å få eit alternativ til gamle, slitne russebilar med høgt bensinforbruk.

Føregangsfylke
Vi er stolte over å vere eit foregangsfylke i trafikksikkerhetsarbeid retta mot ungdom, seier leiar for samferdsel, næring og miljøkomiteen, Per Inge Bjerknes til heimesidene til Østfold fylkeskommune.

– Prislappen på prosjektet er rekna til å liggje rundt 800.000 kroner. Dette er ei flott gåve frå fylkeskommunen og samarbeidspartane til russen og med eit håp om at denne russefeiringa vil gå like bra som det gjorde i fjor, seier Bjerknes vidare.

Våren 2010 var det første året russen fekk gratis buss og tog i russetida. Gratistilbodet var ein stor suksess med 5700 enkeltreiser på lokalbussen, 200 reiser med TIMEkspressen og NSB melde om opptil 50 russ per togreise.

Tiltaket var med å bidra til at det var null drepte og skadde russ i trafikken i Østfold i fjor.

TEMA: LES MEIR OM TRAFIKKTRYGGLEIK!

Kva meiner du? Er eit tiltak fleire fylke burde få til?