Elevar blir flinkare av å retta sjølv

 – Eg er blitt flinkare i matematikk, ser feila og hugsar å ikkje gjere same feilen om igjen, seier Emilie Korsvold.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevar blir flinkare av å retta sjølv

 Ho er elev i 3. klasse på Tanks og fortalte om røynslene med eigenvurdering på konferansen Dei gode døma. 500 lærarar frå heile Hordaland er med på den to dagar lange konferansen om korleis læring kan skje ved hjelp av ulike IKT-verktøy, læremiddel, tenester og programvare. Mange gode døme på dette vart presentert.

Finn eigne feil
Tanks videregående skole presenterte korleis dei har lukkast med å la elevane nytte eigenvurdering i matematikk, engelsk og norsk. Vurderinga til både lærar og elev skjer på IKT-verktøyet It’s learning.

Elev i 3. klasse på Tanks. Sindre Rosenlund, seier at dei er nøydde til å nytte eigenvurdering.

– Vi leverer inn oppgåva. Etterpå må vi rette sjølv og finne våre eigne feil. Tidlegare fekk vi karakter og la oppgåva i sekken og gløymde den etterpå. No har vi alt på It’s learning og kan finne fram eigenvurderinga i ettertid og sjå på kva vi gjorde feil, seier Rosenlund til hordaland.no.

Gode røynsler
Lektor i matematikk ved Tanks, Anne Bjørnestad, seier at dei har gode røynsler med elevvurdering.

– Elevane lærer å vurdere eigne prestasjonar. Dei arbeider vidare med prøvene etter at dei er levert inn. Dei finn sjølv kva dei har gjort feil og vurderer sjølv kor alvorleg feilane er. Elevane er blitt veldig flinke til å vurdere eigne oppgåver. Det er blitt slutt på at elevane klagar på karakteren. Dei fleste av elevane våre meiner dei lærer av denne eigenvurderinga. Dei ser sine eigne feil og lærar av det, seier Bjørnestad.

Læraren bestemmer
Prosessen med eigenvurdering er slik at eleven leverer oppgåva digitalt på It’s learning. Deretter går læraren gjennom oppgåva, rettar, skriv kommentar og set karakter. Deretter skal eleven gjere sin vurdering, men eleven får ikkje sjå vurderinga til læraren før etterpå. Då går læraren gjennom sin eigen og vurderinga til eleven og set endeleg karakter.

Mykje klokt frå elevane
Lektor i norsk og engelsk, Elisa Bjersand ved Tanks, seier at det er verre å drive eigenvurdering i desse faga enn i matematikk.

– Men vi får mange morosame kommentarar og mykje klokt frå elevane. Det er bra nivå på refleksjonane og godt samsvar mellom vurderinga til læraren og elevane, seier Elisa Bjersand.

Kva synst du? Er dette noko fleire skular burde byrja med?