Distrikta taper i kampen om nyutdanna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kompetansearbeidsplassutvalet la tidlegare denne månaden fram forslag til regjeringa for korleis ein best mogleg kan spreie kunnskapsintensive arbeidsplassar utover landet.

– Vi burde sjå om det er funksjonar innanfor statlege verksemder som ikkje treng å befinne seg i Oslo, seier Karen Ulltveit-Moe, utvalsleiar og professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo (UiO).

Utvalsleiaren held fram at arbeidsmarknaden er hovudgrunnen til at fleire unge vel å bli i byane etter endt utdanning.

– Veksta i slike arbeidsplassar er i første rekke konsentrert i dei store byane, seier Ulltveit-Moe.

UiO-professoren meiner dessutan konflikten mellom distrikta og byane blir mindre og mindre aktuell.

– Kor ein kan få jobb er avhengig av kor det blir skapt jobbar, men dei som skaper jobbar tenkjer ikkje nasjonalt, dei tenkjer internasjonalt. «Oslo mot røkla» er dermed ei litt dårleg problemstilling, seier ho, og understrekar at jobbar som forsvinn i distrikta like gjerne ender opp i Kina eller India som i Oslo.

– Bygda er ikkje for amatørar
Arbeidsmarknaden er viktig, men bygdedyret kan også virke skremmande, meiner distriktsteatersjef.

Frilansskribent og veterinær Anne Viken meiner det finst to typar bygdesamfunn:

– Du har dei som seier «kom hit, så skal me legge til rette for deg» og så har du dei som seier «du må gjerne kome, men viss det ikkje er godt nok for deg så må du dra din veg», seier ho.

Ulemper og fordeler
Viken trur den sistnemnde typen samfunn er dømd til å gå under, og får støtte frå samfylking Terje Lyngstad. Han er sjef ved Sogn og Fjordane teater og busett i Førde. Når det gjeld det sagnomsuste bygdedyret er han ikkje i tvil om at det kan verke avskrekkande på folk som vurderer å flytte til distrikta. Å vere meir synleg er ikkje alltid berre bra om ein skil seg ut på «feil» måte, ifølge teatersjefen.

– Det må ein berre innta ei «gi faen»-holdning til, viss ikkje overlev ein ikkje. Å bu på bygda er ikkje for amatørar. Ting som skil seg ut her er ikkje alltid ting som skil seg ut i Bergen eller Oslo, seier han.

LES MEIR: Lagar reservat for bygdedyret

Samtidig som han meiner arbeidsmarknaden er den viktigaste krafta som driv unge i dag, understrekar han at det også må andre ting til.

– Eg har vald å bu her, men eg saknar urbaniteten. Eg trur unge i dag også vil legge vekt på det, vel så mykje som barnehageplassar og naturopplevingar, meiner han.

Lyngstad held fram at det ikkje berre er ulemper ved å bu usentralt. Sidan han først fekk jobb i heimfylket har han vore banksjef, kommunal kultursjef og infosjef på teateret før han endte opp som teatersjef.

LES MEIR: Slik skal fleire unge lokkast

– På den eine sida er det mange spennande jobbar i byane, men det er meir konkurranse om dei, seier han.

– Ingen menneskerett
Knut Olav Åmås er kultur- og debattredaktør i Aftenposten, kjem frå Odda, bur og jobbar i Oslo, og har studert i Bergen. Han er einig i at spreidd busetjing er eit mål, men meiner at folk ikkje bør forvente for mykje av bygdelivet.

– Det er ingen menneskerett å busette seg kor som helst og samtidig få tilgang til alskens servicetilbod, seier han.

Åmås trur ikkje bygdedyret har den største innverknaden på flyttestraumen i dag og meiner det viktigaste distrikta kan gjere er å etablere attraktive arbeidsplassar og å syta for gode kommunikasjonar til sentrale strøk. Han er klar på kven som har ansvaret.

– Det er kommunane sitt hovudansvar å gje entreprenørar og idéskaparar rom for å skapa noko nytt og å skapa verdiar, ikkje hindra dei. For mange kommunar er berre til byrde for nytenkjande menneske.

Bergen heng etter
– Vi har ein spennande by, men vi manglar arbeidsplassane, seier byrådsleiar Monica Mæland.

– Det er ei kjensgjerning at veldig mange må andre stader enn Bergen etter studiene, og då ofte Oslo. Det handlar om mangel på arbeidsplassar. Svaret er veldig enkelt, seier byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland.

Torsdag 24. mars gjestar byrådsleiaren Studentersamfunnet for å diskutere «Arbeidsplass: Oslo». Med i debattpanelet er også direktør for regionalutvikling i Hordaland fylkeskommune, Jan Per Styve.

– Ryktene om hjerneflukt er nok noko overdrivne, men det er større vekst av relevante arbeidsplassar i Oslo-området og vi veit at breidden i arbeidsmarknaden er viktig for unge med høgare utdanning, seier Styve.

Statlege arbeidsplassar
Ein viktig del av reknestykket er, ifølge Mæland, plasseringa av statlege arbeidsplassar. Ho meiner det er regjeringa som sit med verkemidla og er ikkje imponert over innsatsen for å flytte desse ut av hovudstaden.

KOMMENTAR: Kvifor bur vi her?

– Det er staten som kan ta i bruk andre områder enn Oslo. Det gjorde den forrige regjeringa, medan denne regjeringa berre har flytta ut ein stad mellom 80 og 100 arbeidsplassar, seier Mæland.

Større arbeidsmarknad
Kultur- og debattredaktør i Aftenposten, Knut Olav Åmås, jobbar i Oslo, men har sjølv studert i Bergen. At andelen statlege arbeidsplassar er større i Oslo enn andre stader, meiner han er naturleg ettersom Oslo er Noreg sin hovudstad.

Han er klar på kvifor Oslo er meir populært enn Bergen.

– Arbeidsmarknaden er mykje større og meir spennande her. Det er eit stort problem for Bergen, som mister mykje kompetanse, og det går også hardt utover sjølvtillit og humør i det bergenske samfunnslivet, seier han.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

Utvalet meiner at ein må spreie kompetansearbeidsplassane over heile landet for å sikre så høg verdiskaping som mogleg. For å snu sentraliseringstrenden foreslår dei mellom anna å:
* Satse på infrastruktur for å binde saman regionale arbeidsmarknader, styrke regionsentra og gjere det lettare å pendle.
* Legge til rette for fjernarbeid og stadsuavhengige arbeidsplassar ved til dømes å ruste opp breidbandstilbodet.
* Rekruttere folk til distrikta når dei er i ein etableringsfase, mellom anna ved regionale trainee-ordningar og kommunale utleigebustader som gir moglegheit for å «prøvebu».