50-øringar skal vekk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorske myntar skal vekk

Noregs Bank har bestemt at 50-øringen skal setjast ut av omløp. Han sluttar å vere tvunge betalingsmiddel 1. mai 2012.

– Årsaka til at 50-øringen blir trekt tilbake, er at han ikkje lenger sirkulerer som ein ordinær betalingsmynt. Han blir brukt i butikkar for å gi igjen veksel, mens kundane i stor grad legg mynten til sides i staden for å bruke han ved seinare betalingar, opplyser direktør Trond Eklund i avdeling for kontante betalingsmiddel i ei pressemelding.

Det vil seie at Noregs Bank må produsere mange 50-øringar sjølv om det i utgangspunktet er meir enn nok myntar i omløp. Årleg netto utgang frå Noregs Bank har dei siste åra vore mellom 15 og 22 millionar stykk. Ved utgangen av 2010 var det om lag 359 millionar 50-øringar i sirkulasjon.

Må runda av
50-øringen vil framleis vere tvunge betalingsmiddel og kunne brukast på ordinær måte i eitt år, altså fram til 1. mai 2012. Noregs Bank er deretter pliktig til å løyse inn 50-øringen i ti år til.

Tilbaketrekkinga fører òg til at nemninga øre forsvinn på norske myntar 1. mai neste år, og at beløp som skal betalast med kontantar, etter denne datoen skal avrundast til nærmaste heile krone.

Halvering av nynorsk-myntar
50-øringen og 5-kroningen er dei einaste myntane med det nynorske namnet på landet vårt, Noreg.

Noregs Mållag tek til orde for fleire myntar og setlar på nynorsk.

KAMPSAK: Ja til nynorske pengar!