Studentar med låg sjølvtillit

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På sju av ti punkt er UiO-studentane meir kritiske til eigne evner enn arbeidsgjevarane. Mest kritiske er dei til sine munnlege kommunikasjonsevner og bransje- og verksemdsforståing. På desse to punkta vurderer arbeidsgjevarane evnene til kandidatane over 30 prosent høgare enn kandidatane sjølv.

Samstundes viser undersøkinga at arbeidsgjevarane er godt nøgt med UiO-kandidatane. Heile ni av ti arbeidsgjevarar vil tilsetje ein UiO-kandidat på ny.

– Vi ynskjer at avstanden mellom oppfatninga til arbeidsgjevarane og oppfatninga til kandidatane av evnene til kandidatane skal vere minst mogleg, seier Ole Petter Ottersen, rektor ved UiO.

– Først og fremst så er det jo bra at det er studentane som er mest kritiske og ikkje omvendt. Mange studentar tenkjer ikkje nok over all kunnskapen dei sit inne med, seier Gisle Hellsten, leiar for Karrieresenteret ved UiO.

Naturvitarar med sjølvtillit
I undersøkinga kjem det òg fram at kandidatar frå MN vurderer eigne evner meir i tråd med arbeidsgjevarar, og gjev seg sjølv høgare poeng enn kandidatane frå dei andre fakulteta.

– Oppgåvene og undervisinga på MN ligg ofte nær arbeidsoppgåvene kandidatane møter i arbeidslivet. Eit døme på dette er informatikkundervisninga, seier Hellsten.

Han trur dette kan bidra til at MN-kandidatar følar seg betre rusta til å møte dei konkrete utfordringane til arbeidslivet.

Svake munnlege evner
Hellsten ved Karrieresenteret seier at auka fokus på munnleg kommunikasjon er eit satsningsområde for UiO.

– Vi arrangerer eigne intervjukurs for arbeidssøkere. I tillegg bør studentane jobbe meir i kollokvium, siar Hellsten.

Knut Heidar, dekan ved SV-fakultetet, og ein av medlemmane i styringsgruppen for undersøkinga trur at kandidatane samanliknar seg med flinke studentar. Dette kan vere med på å gjere at dei nedvurderer eigne evner, trur han.

Låg bransjekjennskap
Kandidatane frå alle dei fire fakulteta vurderer punktet «god bransje-/virksomhetsforståelse» lågast. Ole Petter Ottersen meiner ikkje dette er eit problem:

– Spesifikk bransjeforståelse kjem etter kvart. Vi skal utdanne kandidatar som kan tenkja på tvers av sektorar og bransjar. Eg er ikkje bekymra over at kandidatane ikkje vurderer sin eigen bransjekjennskap så høgt, seier Ottersen.

Han seier at UiO òg ynskjer å styrkja kontakten med arbeidslivet.

Studiedekan ved HF, Gro Bjørnerud Mo, ynskje å skape gode møtepunkt mellom arbeidsliv og kandidatar.

LES HEILE SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!