Skal avsløra miljøsyndarar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal avsløra miljø- syndarar

Miljøjournalistane er eit landsomfattande undervisningsopplegg der elevar skal avdekke kritikkverdige miljøforhold i sin eigen kommune.

Hittil har 150 elevar frå to skular fått høve til å prøve seg som miljøjournalistar. Torsdag 10. mars var alle samla på Fyrstikkalleen skule i Oslo for å stille spørsmål til miljø- og utviklingsministeren.

– Desse elevane har sett seg godt inn i miljøsakene i kommunen sin gjennom å delta i prosjektet Miljøjournalistane. Dette er eit spennande undervisningsopplegg for å ta opp miljøspørsmål på ein engasjerande måte i skulen. Eg håpar så mange skular som mogleg deltek i prosjektet, seier Erik Solheim.

Vil skape lokalt miljøengasjement
Ved hjelp av journalistiske metodar skal elevar over heile landet undersøkja dei faktiske miljøforholda i kommunen sin, finne nye lokale vinklingar på miljøspørsmål, avdekke eventuelle kritikkverdige tilhøve eller løfte fram nokon lokale miljøheltar.

– Me håpar at Miljøjournalistane skal bidra til at fleire får auga opp for dei lokalet miljøutfordringane me står ovanfor. Det er lett å avfeia problematikken som noko stort og fjernt som ikkje går an å gjera noko med. Men faktum er at lokal innsats vil vera utslagsgjevande for å betra miljøsituasjonen, både lokalt og globalt, seier direktør i Klima- og forureiningsdirektoratet og initiativtakar til skuleprosjektet, Ellen Hambro i ei pressemelding.