Ein ny arbeidsmarknad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trainee også for humanistar

Årets trainee-stillingar famnar vidt, frå Aker Solutions til Bergen kommune, og Trainee Vest vil utfordre fleire studentar til å tenke utradisjonelt.

Eivind Olsvik, prosjektleiar for Trainee Vest, fortel at det alltid har vore eit mål for dei å gjere stillingane så opne som mogleg, men i år har dei lykkast betre enn tidlegare med dette.

– Eg trur grunnen til at vi har lykkast så godt i år, er at vi er i ei ny tid, og bedriftene torer i større grad å tenke breiare enn før, seier han.

– Vi og bedriftene prøver no å vise at administrasjonsjobbar også kan utførast av studentar med fagbakgrunn til frå dømes HF og SV, og ikkje berre av økonomi- eller ingeninørutdanna personar, seier Olsvik.

Opp med rullegardinene
Mats Engdal Johansen, fag- og forskningsansvarlig i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, meiner traineestillingane er ein bra måte å skape kontakt mellom student og arbeidsliv på.

– Studentane må bli litt meir amerikansk av seg og vise seg fram. Dette gjeld spesielt HF-studentar som må reise seg frå omdømmet at dei ikkje blir noko, og heller selge seg sjølv betre, seier han.

Dette er Olsvik einig i og påpeikar at studentane no får ein sjanse til å søke jobb i bransjar dei kanskje ikkje først hadde tenkt på.

– Vi må få opp rullegardinene hos studentane, seier han.

Knyter kontaktar
Lisbeth Selstø er ein av dei som skal søke. Ho har studert samfunnsøkonomi, har bachelor i nye medier, og held no på med master i region og regionalisering ved Det humanistiske fakultet. Ho tykkjer opplegget med traineestilligane er eit bra tiltak for studentane.

– Ein vil få arbeidserfaring som ein kanskje ikkje får andre stader. I tillegg er det ein unik sjanse til å knyte kontaktar i offentleg forvalting, seier ho.

LES OGSÅ: Flest humanistar utan relevant utdanning

Av dei 30 traineeane som har vore innom Trainee Vest er fleirtalet masterstudentar, og berre fire har vore bachelorstudentar.

Engdal Johansen meiner at ein må styrke bacheloren framover, men at dette ikkje skjer over natta.

– Det at ein har fått opna opp desse stillingane som tidlegare var lukka for spesifikke ingeniørutdanningar er i alle fall eit steg i riktig retning, seier Engdal Johansen.

LES SAKA I STUDVEST!