Starta målungdomslag på Voss

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevar starta Vossamaol

Det seier Heidi Rossow, leiar for «Vossamaol».

Eige mållag
Onsdag kveld fekk Voss sitt eige målungdomslag, som vartt skipa på folkehøgskulen, av ei gruppe nynorskentusiastar.

– Det var berre folk frå skulen her, men me vonar å få med lokale ungdomar etter kvart, seier Heidi Rossow.

LES SISTE NYTT OM NYNORSK!

Elevane på folkehøgskulen, forlèt bygda til sommaren, og då vonar dei at unge vossingar vil halda liv i laget framover.

Treng ein logo
Øgaard hadde ideen om å kalla det lokale målungdomslaget for «Vossamaol», skrive på den munnlege måten. No vil dei jobba for å få fleire medlemmer.

– Me tenkte ikkje å byrja med aksjonar med ein gong, men heller å starta litt sosialt, for å få fleire med og for å verta kjende. Difor startar me med bowlingkveld 18. mars, seier Heidi Rossow.

Seinare vil dei ha verveaksjonar, t-skjortemåling, logo-tevling og studieringar.

Nynorsk inn i riksavisene
Dei er også engasjerte i målungdomen sin kampanje for å få nynorsk inn i dei riksdekkande avisene.

Heidi Rossow og Marta Øgaard har med seg Morten K. Vebjørnsen, Ingvild Hage og Ragni Klokkerstuen Odéen i styret for «Vossamaol».

LES SAKA I AVISA HORDALAND!