Einar Kleinhans Krogsæter (16), leiar i Juvente Sunnmøre, har teke valet om ein edru livsstil. Han meiner det er kroppen og ikkje alderen som avgjer når ein kan byrje å drikke.

Eirin Buner, Haramsnytt
Eirin Buner, Haramsnytt

– Juvente er først og fremst eit alternativ for ungdom som ikkje vil drikke. Vi gjer det mogleg å ha det gøy på festar med andre ungdommar utan alkohol. Vi arrangerer også «Skjenkekontrollen», som finn ut kvar i landet det blir seld alkohol til mindreårige, og andre politisk relaterte saker som legg vekt på ungdom og alkohol.

Ikkje berre blir ungdom påverka av andre ungdomar til å drikke. Forholdet dei har til alkohol frå tidlegare er ein viktig faktor.

– Foreldra burde gjort ein mykje betre jobb med å skjerme ungdom frå alkohol. Det at vaksne drikk kan gjere sterkt inntrykk på born. Mange foreldre godtek også at barna drikk, og det gjer det lettare for dei både å byrje og fortsette.

– Den minste aldersgrensa for å kjøpe alkohol i Noreg er 18 år, men det er ikkje nødvendigvis den alderen kroppen kan ta imot alkohol utan å ta skade av det. Det varierer frå person til person, men det er aldri OK å drikke, seier Einar.

– Mine erfaringar med drikkepress er at det blir respektert om ein seier nei til alkohol, men om ein skulle oppleve drikkepress er det best å berre gå der i frå, slår han fast.

– Det er mykje meir givande å vere seg sjølv utan å være påverka av alkohol.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

ANNONSE