Newton-rom lokkar fleire til realfag

Firda vidaregåande får det andre Newton-rommet på Vestlandet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Newton- rom lokkar fleire til realfag

Det første Newton-rommet i Sogn og Fjordane skal stimulere elevane si interesse for naturvitskaplege tema og fagområde.

– I utgangspunktet ønskjer vi å satse på eitt hovudtema, energi og klima, men det kan etter kvart vere aktuelt å utvide rommet med fleire tema. Vi har valt dette fordi energikjelder og klimaendringar er svært sentrale tema i samfunnsdebatten og vil verte endå viktigare i åra framover, seier Kristine Aaberg Ruud, som er arbeidslivskontakt og lærar ved Firda vidaregåande skule, til fylkeskommunen sine heimesider.

Naturvitskaplege eksperiment
Opninga av Newton-rommet var onsdag 2. mars klokka 12.00. Erling Sande (Sp), leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget og tidlegare Firda-elev, vil stå for den offisielle opninga.

Eit Newton-rom eit rom som er tilrettelagt for aktivitetsbasert læring. Målet er at elevar i både grunnskule og vidaregåande skule gjennom deltaking og eigne erfaringar skal utvikle interesse for og kunnskap om dei naturvitskaplege faga. Undervisninga i Newton-rommet vert lagt opp som heildagsopplegg, der elevane skal halde på med øvingar, eksperiment og spørsmål ein heil dag.

Kompetansesenter for Nordfjord-regionen
Newton-rommet på Firda vidaregåande skule vert det andre i sitt slag på Vestlandet, frå før av finst det eitt i Bergen. Rommet vil verte brukt i den daglege undervisninga ved skulen, men skal også vere eit senter for etterutdanning av lærarar i realfaga.

Det er ein målsetnad at Newton-rommet skal verte eit kompetansesenter for realfag i Nordfjord-regionen, og at det skal utviklast eit tettare samarbeid mellom skule og næringsliv. Også grunnskulane og dei andre vidaregåande skulane i Nordfjord skal nytte rommet i undervisninga.

– Både elevar og lærarar ser fram til å opne og ta i bruk Newton-rommet. Eg håpar det blir eit rom som stimulerar elevar til å velje realfag i utdanninga si, seier Kristine Aaberg Ruud.