Krev ungdomsråd i alle kommunar
– Utruleg at ungdom ikkje blir spurt i ungdomssaker.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Berre 16 prosent av kommunane meiner dei i stor grad høyrer på ungdom.
Nasjonalt ungdomspanel går inn for å lovfesta at alle kommunar skal ha ungdomsråd. Ei undersøking frå 2010, viser at over 62 kommunar i dag er utan medverknadsorgan for born og ungdom.– Det er merkeleg at eldreråd er lovfesta, medan ungdomsråd ikkjer er det, seier Vetle Wang Soleim, leiar i Nasjonalt ungdomspanel.
– Me er ekspertane
Born og ungdom er storforbrukarar av kommunale og fylkeskommunale tenester som skule, buss og kultur- og fritidstilbod. Då er det merkeleg at brukarane ikkje blir teke med på råd av alle kommunar. – Berre spør oss ungdommar! Me er ekspertar på kollektivtilbodet og skulen, seier Wang Soleim til Framtida.no, og legg til:
– Det er heilt utruleg at eit kommunestyre kan diskutera eit tiltak som MOT utan å ha snakka med ungdom først om saka. I andre saker som eit kommunestyre handsamar er det heilt naturleg å henta inn slik bakgrunnsinformasjon, seier han.
Ønskjeliste
I haust vedtok Ungdommens nasjonalforsamling fem hovudsaker å jobba vidare med. Nasjonalt ungdomspanel, er valt for å jobba vidare med desse sakene. Ifølgje Vetle Wang Soleim er dei godt i gang med arbeidet for å få til dei endringane dei ønskjer.
– Organisering av medverknadsorgan for unge både i kommunar, fylke og nasjonalt.
– Alt fråvere skal på vitnemålet, men i kategoriar.
– Obligatorisk førstehjelpsundervising i skulen
– Heva aldersgrensea for barnebillett fra 16 til 18 år
– Grundig utgreiing av kollektivtilbod i heile landet Ungdommens nasjonalforsamling blei arrangert etter initiativ frå Barneombodet og Barne- og ungdomsrådet i Oslo.