Klar med ny språkdirektør

Etter over eitt år med leiting er arvtakaren til Sylfest Lomheim funnen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klar med ny språk- direktør

 Arnfinn Muruvik Vonen (50) er tilsett som ny direktør i Språkrådet.

Vonen har sidan 1997 vore professor ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Her har han også vore instituttleiar.

Vonen har omfattande språkvitskapleg bakgrunn og beherskar sjølv ei rekkje språk, blant anna norsk teiknspråk. Han har doktorgrad i lingvistikk fra 1994 og har elles universitetseksamen i russisk, latin og språkvitskap. Vonen har også treårig universitetsutdanning i sosialøkonomi.  I forsking og undervising har Vonen særleg arbeidd med spørsmål som gjeld språk og hørselshemming, spesielt den tospråklege situasjonen til norske døve. I 2005 var han medlem av ei arbeidsgruppe som greidde ut norskfaget for framtida på oppdrag fra utdanningsministeren, heiter det i ei pressemelding frå Kulturdepartementet.