Å ta val

Britt Mari Engeskar
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Ingen har nokon gong hevda at verda er ein rettferdig plass, og at ein kan få alt servert på sølvfat, uansett om ein er ein ungdom som går på skule, ein vaksen i jobb eller ein pensjonist på cruise. Snart vil mange ungdommar ha fleire val å ta – kven er eg, kva vil eg og kva skal eg bli? For det er spesielt i ungdomstida einbyrjar å ta sine eigne val, for å høyra på mamma sine gode råd strekk ikkje til lenger.

Det er vanskeleg å velja. Men samtidig er det noko av det me gjer mest her i livet – å ta val. Det er ein heilt naturleg del av kvardagen. Ein kan sortera vala i ulike grupper; ein har lette val, kloke val, dumme val, frustrerande val og vanskelege val. Ein har klesval, kjærasteval og venneval. Alle desse vala flyr gjennom livet ditt og det er ingenting dukan gjera med det.

Det er vanskeleg å ta val som er av stor betydning for livet ditt vidare. Kunsten er sjølvsagt å ta eigne val, men samtidig lytta til gode råd frå vener, kjende, familie og så vidare. For når alt kjem til alt, er det ditt eige val, og berre ditt. Det er du som skal få bestemma kva du skal gjera etter ungdomskulen eller etter videregåande utdanning – kva fag vil DU eigentleg studera og kva veg vil du eigentleg gå vidare? Sjølv om du har familie som pressar deg, lærarar med forhåpningar og formaningar og vener som ser opp til deg, er det du som til sjuande og sist har det siste ordet i saka.

Det er no på tide å tenkja over kva ein eigentleg vil. Det er mange ungdommar som har byrja å sjå mørkt på framtida fordi dei står ovanfor det problemet at dei ikkje veit kva dei skal verta når dei blir “store”. Rett før ein må søkja på videregåande skule vert ein tvungen til å gjera eit val som kan prega ein resten av livet. Kva vil eg eigentleg? Skal eg gå same linja som venene mine, eller er eg sjølvstendig nok til å velja noko åleina? Det er blant anna mange av desse tankane som flyr gjennom ein fortvila ungdom sitt hovud i desse tider. Og utan å føla seg vaksen nok til å bestemma kva dei vil gjera resten av livet, vert dei tvungne til å gjera eit val.

Nokre står ovanfor langt vanskelegare val enn andre. Nokre må velja mellom ein bursdagsfest og lesing til ein prøve, andre må velja mellom å leva eller å døy. Nokre vel å seia sanninga, andre vel ei kvit løgn. Det er kanskje desse små vala som kan vera dei som faktisk får størst betyding for livet ditt. Og, sjølv om ein ikkje tek eit val, er kanskje dette eit val i seg sjølv. Det beste ein kan gjera er å fronta valet du står framføre, med eit klart hovud og vurdera nøye dei moglegheitene du har.

Vener er gode å ha i slike situasjonar – når familien veit kvar dei vil ha deg, og du føler at den personlege fridommen din vert innskrenka. Du føler at du står på kanten av eit bratt stup, og at den enklaste utvegen er å “mista” balansen slik at du slepp å ta desse vala. Då kan vener, som har det nett på same måten vera ein sikker stein å halda seg fast i. På ein måte er det dei som kjenner deg best i ungdomstida, og det kan vera fint å høyra kva dei har å seia. Men, det er viktig å vita at dei vala du faktisk tar, må vera dine eigne. Det hjelper deg ikkje vidare i livet viss du veljer det same som venene dine berre fordi du vil tilbringa mesteparten av tida di med dei. Du må velja ut i frå kva du trur du kunne tenkja deg å gjera i livet, ut i frå interessene dine, det du er flink i og noko du trur du kunne trivast i – så får det heller vera ein bonus om venene dine også har dei same planane.

Det er viktig å ta dine eigne val, men hugs å lytta til andre sine råd. Det er mitt råd til alle ungdommar som føler at skallen er på bristepunktet og at tårene bryt seg gjennom tårekanalane på veg ut i rein frustrasjon. Snakk med andre – det kan vera ein lærar, ein familiemedlem, helsesøster, sysken eller ein god ven. Ein må prøva å nyta den siste tida der ein er, anten det er på ungdomsskulen eller videregåande. Om eit halvt år er det forbi, og då vil ein gjerne heller minnast den siste tida som ei god tid enn ei vond tid med mykje frustrasjon. For av og til saknar ein fortida, fryktar framtida og lever i noko heilt anna enn nåtida.