Ein av tre slit økonomisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Delen studentar med sårbar økonomi er tre gonger så høy som i resten av folkesetnaden.

Det kjem fram i helse- og trivselsundersøkinga til studentane som TNS gallup har utført på vegne av samskipnadene i Noreg. Studentane i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) er blant dei som kjem dårleg ut. 31 prosent betegnes etter kriteria til undersøkinga som økonomisk sårbare.

Vanskeleg bustadmarknad
– Eg hadde ikkje hatt sjans dersom det kom ein uforutsett rekning på 5000 kroner. Kombinasjonen av det private bustaden- og strømmarknaden er ille – det blir som å spele lotto, seier Anna Tresse.

Ho studerer Internasjonale studium ved UiO, og bur i likskap med dei fleste studentane i kollektiv.

– Vi bur i ei gammal leilegheit der det alltid er kaldt, og med ein vinter som no blir det ekstremt dyrt. Det er jo ingen som set noko tak for kor mykje straumselskapa kan ta, seier ho.

Dei aller fleste av dei spurde studentane har inntekter ved sida av stipend og lån. Øvst kjem BI-studentane, med over 50 prosent høgare inntekt enn landsgjennomsnittet.

SHoT-undersøkinga viser at delen økonomisk sårbare studentar auka etter Kvalitetsreformen i 2004, men no er tilbake på normalnivå. Reforma legg vekt på normert produksjon av studiepoeng som føresetnad for å få lån omgjort til stipend.

Fryktar for studia
Marit Eskeland er leiar i Studenthelsetenesta, og har arbeidd med undersøkinga på vegne av SiO. Ho meiner det kan ha vorte vanskelegare for mange studentar å jobbe etter reforma, men at dei no ser ut til å ha tilpassa seg.

– Skal ein vere heltidsstudent, er det jo verkeleg ikkje mykje å leve av. Studentar er jo i ein overgangsfase i livet, og dei har jo aldri lært å styre ein økonomi før. Då er det jo ikkje så rart at mange brenn seg.

Eskeland påpeikar at ho ikkje meiner det er skadeleg i seg sjølv å jobbe litt, men at det er synd viss jobben går ut over studia.

Anna Tresse er samd.

– Vi er heldige som har gratis utdanning. Men det burde vere mogleg å vere heltidsstudent i praksis. Etterpå skal vi vere minst 30–40 år i arbeidslivet, det er massevis av tid til å bidra til samfunnet. Det spørst om vi ikkje bidreg meir og betre dersom det var mogleg å fokusere fullt og heilt på utdanning i nokre år òg.

Kvinner meir sårbare
SHoT-undersøkinga viser at kvinner i større grad er økonomisk sårbare enn menn. 34 prosent av dei kvinnelege SiO-studentane slit økonomisk, mot 26 prosent av dei mannlege.

Eskeland kan sjå fleire grunnar til at kvinner er meir utsett enn menn.

– Kvinner bruker moglegvis meir pengar på småting, som likevel kostar ein del. Samstundes som dei har eit større behov for å vere uavhengige, og i større grad prøver å fri seg frå den økonomiske støtta til foreldre, seier ho.

Undersøkinga viser òg at dei yngste studentane jamt over er økonomisk langt tryggare enn dei eldre. Frå aldersgruppa 18–20 år til 21–22 aukar prosentdelen økonomisk sårbare med 10 prosent. Eskeland trekkjer fram fleire moglege årsaker.

– Den yngste studentgruppa er gjerne ikkje heilt lausriven frå heimen endå, dei har foreldre som enno betalar det eine og andre for dei. Ein anna årsak kan vera at dei ikkje har kasta seg på karusellen av materiell konkurranse som det meir etablerte vaksenlivet fører med seg, at dei ikkje er så oppteke av flatskjermer, bil og leilegheit enno.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!

Er du nøgd med korleis studiefinansieringa er i dag? Sei meininga di i kommentarfeltet!