– Øydelegg idyllen i bygardane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk kjem heim i halv tretida. Vi vaknar til hoiing, skriking og diskusjonar om ein skal gå på nachspiel. Heile nabolaget får med seg kranglane. Neste dag ligg det gjerne matrestar og oppkast i gata. Det er det klassiske, seier leiar i Sydnes og Nøstet Velforeining, Tormod Carlsen.

Han har fått fleire tilbakemeldingar frå andre velforeiningar som klagar på det same. Stadig fleire gir opp og flyttar bort frå sentrum, og studentane overtek leilegheitane. Slik kan det ikkje halde fram, meiner han.

– Velforeininga må drive vaksenopplæring. Gå rundt og snakka med dei som har flytta inn i problemhusa. Dei fastbuande har sett seg lei på studentar som øydelegg familieidyllen i bygardane.

Eigar og leigar i same hus
Rundane velforeininga gjennomfører har sin effekt, fortel Carlsen, men når året er omme flyttar studentane ut, nye flyttar inn og prosedyren må gjentakast.

– Hovudproblemet er at utleigarar gir blaffen. Dei bur ofte langt utanfor sentrum og tek skyhøg leige for leilegheitane, så studentane bur der ikkje lenge. Kommunen gjer ingenting, og politiet skuldar på at dei ikkje har tid å følgje opp, seier ein frustrert Carlsen.

I Studentersamfunnet sitt møte torsdag 24. februar, møter velforeiningsleiaren mellom anna studentar og bystyremedlem Ellinor Kreybu i Framstegspartiet til debatt for å diskutere busituasjonen i sentrum. Velforeininga vil her leggje fram deler av eit forslag til kommunen som dei har utarbeidd for å få bukt med problemet. Det dreier seg mellom anna om at eigar må søkje kommunen for særskilt godkjenning dersom vedkomande ikkje skal bu i same bygg som leigetakarane.

Kreybu har i ti år hatt om lag 28 leigetakarar årleg. Sjølv bur ho i Indre Arna, og reagerer sterkt på forslaget.

– Kommunen har viktigare ting å bruka tida på enn byråkrati, slår ho fast.

Studentane inn i velforeininga
Velferdsansvarlig i Studentparlamentet ved UiB, Erik Nyman-Apelset, deltek og i bustaddebatten på Samfunnet. Han peiker på å gi informasjon om busituasjonen til dei nye studentane i forkant av studiestart som ei mogleg løysing.

– Eg trur mest på at det å legge informasjon i opptaksbrevet dei mottek frå utdanningsinstitusjonen før studiestart kan gje ein merkbar effekt.

Kreybu føreslår å invitere utleigarar og leigetakarar med i velforeiningane, og seier at ho sjølv aldri har mottatt invitasjon til dialog med velforeininga, ei heller studentane ho leiger ut til.

– Det er gjennom samtale vi kan oppnå gjensidig respekt, meiner ho.

Må ta sin del av ansvaret
Nyman-Apelset er einig og oppfordrar studentane til å ta sin del av ansvaret for å skape eit godt bumiljø for alle.

– Eg ser på debatten og forslaget frå velforeininga som ein invitasjon til samarbeid, og trur det kan vere ei god løysing at studentane deltek på til dømes dugnad og andre arrangement i regi av velforeiningane.

Samtidig er det litt for enkelt å leggje all skuld på studentane åleine, meiner han.

– Det er veldig trist at dei fastbuande opplever studentane på denne måten, og studentane må nok ta ein del av utelivsbråket på eiga kappe. Men det er ikkje rettferdig at vi skal klandrast for absolutt all støy. Det bur andre unge menneske her og.

Kreybu ber òg sinte naboar tenkje seg om.

– Velforeininga er ikkje politi, og leigetakarar er ikkje kriminelle. Eg vil tru at mange som er med i velforeiningar er gamle studentar. Kua må ikkje gløyme at ho sjølv har vore kalv.

LES SAKA I STUDVEST.NO!