Media set dagsorden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor har denne saka fått så mykje merksemd i media?

På grunn av det menneskelege elementet. Den inneheld eit felles moralsk grunnlag som viser til vår rettferdskjensle, og den blir derfor ei god sak i forhold til nyhendekriteria. I tillegg er dette eit betent tema der det er lett å identifisere helte- og skurkerollar. Det er ei god sak for å få fram politiske kontrastar, men problemet der kan vere at politikarane snur saka til sin eigen fordel. Maria Amelie er eit bra medieobjekt fordi ho er ei ung og tiltalande kvinne, flink til å handtere pressa, allereie ein offentleg person og dette gjer det lettare for media å lage ei god sak. Sjølv om dette er ei hovudsstadssak, skriv mange lokalaviser om dette fordi det er mange papirlause rundt om i Norge, og dermed engasjerer saka også lokalt.

Kva meiner du om korleis media har dekt saka?

Det er lett å vere forkjempar for ei slik sak, og det er ikkje rart at tonen i media viser så mykje sympati for jenta. Media er i ein hjelpefunksjon, og set kritisk søkjelys på offentleg politikk, noko som kan vere bra fordi Ver Varsom-plakaten slår fast at media skal tale dei svake si sak, og vere kritisk mot styresmaktene. I debatten som har oppstått talar dei fleste hennar sak, kanskje fordi det er vanskeleg å vere kritisk i ei sak med så sterke menneskelege element.

Kva seier denne dekninga om rolla til media i dagens samfunn?

Den viser i stor grad at media framleis har dagsordenfunksjon fordi journalistikken her viser, om ikkje nøyaktig kva ein skal meine, så i alle fall kva ein skal meine noko om.

Kan denne dekninga vere til ulempe for Maria Amelie eller nokon andre deltakarar i saka på nokon måte?

Det er vanskeleg å vite korleis denne saka vil slå ut i Russland for Maria Amelie. Det blir interessant å sjå om media klarer å halde saka varm frå Russland. Det er jo alltid vanskelegare å dekke ei sak frå utlandet, og å halde interessa oppe her heime.

Har media brote nokre reglar i denne saka?

Det var noko feilrapportering i starten, angåande kor mange politifolk som arresterte ho og kor arrestasjonen faktisk fann stad. Dette er kritikkverdig fordi det har symbolverdi om det var 8 eller 2 politifolk som arresterte ho. Men utover det har ikkje media brote nokre reglar med tanke på Ver Varsom-plakaten.

Er denne saka blitt større enn den kanskje er?

I forhold til mange andre saker som til dømes hyttetrappa til Åslaug Haga eller armbandet til Liv Signe Navarsete, så er den ikkje det. Den inneheld eit sterkt prinsipielt spørsmål og er derfor viktigare enn mange andre saker.

Er ei slik mediedekking typisk for Norge?

Nei, dette kunne skjedd overalt. Det som er spesielt for norsk presse er at den er så tett og lita, og dette gir oss ein veldig unison dagsorden. Alle ser dei same programma og nyhendesendingane, og dette gjer at samfunnsdebatten føregår på ein felles arena.

LES SAKA I STUDVEST!