Vurderer å flytta til Hawaii

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Flyktar frå ny rettskriv- ingsnorm

Rettskrivingsnemnda for nynorsk, med nemndsleiar Grete Riise i spissen, sender i dag innstillinga til revidert nynorskrettskriving på høyring.

Arnfinn Kolerud, forfattar av boka ”Når ein først skal skyte nokon”, formidlar sterke reaksjonar på vegne av hovudkarakter Bendik Uføre.

– Akkurat no trur eg han blei ganske sett ut. Jøss!

– Og du, då, kva meiner du?

– Nei, eg har Toyota og køyrer Toyota, og det går fint. Men eg trur nok Bendik Uføre kjem til å trappa opp innsatsen sin, og reisa rundt på endå fleire offentlege toalett og lesa høgt frå Ivar Aasen. Og ein skal nok ikkje sjå vekk i frå at det dukkar opp endå fleire rettar på i-mål i restaurantmenyen.

QUIZ: Kva veit du eigentleg om Ivar Aasen?

– Sjølv har du inga meining?

– Eg er eigentleg nøgd med at folk ikkje veit om eg driv gjøn med eller elskar nynorsken.

Litt etter ringjer Kolerud igjen:

– Ja, no har eg snakka med Bendik Uføre. Han er sjokkert. Uføre seier han no vurderer å flytta til Hawaii. For det er vel ingen andre stader i verda som sluttar på to ii’ar? spør Kolerud, og legg til:

– Det kjem jo sjølvsagt an på prisnivået på husi på Hawaii.

Kva meiner du om rettskrivingsreglane?

Faktaboks

Framlegget til nye rettskrivingsreglar:

– Dei fleste ord som i dag kan skrivast med ø eller y, får to jamstelte former. Døme: fylgja/følgja.
– Ord som i dag har hovudform med dobbelkonsonant og klammeform med enkelkonsonant skal i dei fleste tilfella berre ha dobbel konsonant. Døme: plomme. Forma plome går ut.
– I-målet blir tatt ut av norma.
– Ordet skole blir tatt ut, dermed er det berre lov å skrive skule.
– Ubunden form eintal av hokjønnsord går ut. Døme: ei visa går ut, og ei vise blir eineform.
– I 2. person fleirtal skal det vere mogleg å bruke same form som subjekt og objekt, altså dykk – dykk. Det blir likevel framleis høve til å skilje mellom de og dykk som før.
Kløyvd infinitiv går ut. Ein skal likevel kunne bruke a-infinitiv eller e-infinitiv.

Les frå boka "Når ein først skal skyte nokon"!