Vil ha studentane inn i folketrygda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er supert at NSO gjer noko, men dette må fungere som ei midlertidig løysing. Studentane må inn i Folketrygda, meiner Tine Blomfeldt.

Ho er leiar for Arbeidsutvalet i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB). Mandag vedtok dei å støtte Norsk Studentorganisasjon (NSO) si forsikringspakke som tilbyr sjukeforsikring, ulukkesforsikring og livsforsikring.

Saman med ei rekkje andre organisasjonar arbeider SP-UiB for at staten skal finansiera denne forsikringspakka.

Opnar for stønad
Håvard Dretvik er studentrepresentant i Universitetsstyret. Dei går langt i å støtte Studentparlamentet.

– UiB ser det nødvendig å ta tak i denne problemstillinga nettopp fordi ein pålegg studentar å utføre oppgåver under utdanninga som kan vere delvis risikofylte. Derfor ønskjer UiB å staturere eit eksempel, seier Dretvik, som først og fremst er oppteken av å få på plass statleg uføreforsikring.

Torsdag 10. februar blir saka teke opp på styremøte hos Universitetsstyret. Kva som skjer etter det, vil ikkje studentrepresentanten uttale seg om.

Semje om endring
Den naturvitskaplege organisasjonen Tekna driv lobbyverksemd i stortingskorridorane for å fremje studentane si sak.

– Alle opposisjonspartia set dette opp som merknader til nytt statsbudsjett, og samtlege ungdomsparti støttar opp om ei ny statleg ordning for studentane, seier kommunikasjonsdirektør i Tekna, Tore Westhrin.

Ifølgje advokatar i akademikarforeininga, er prisoverslaget for ein slik forsikringsmodell på 50 millionar kroner.

– For å vere heilt ærleg er det småpengar, så det bør vere muleg å få gjennomført og utbetra. Dersom ungdomspartia tek dette opp på landsstyremøta, kan vi sjå signala allereie i neste statsbudsjett.

Kommunikasjonsdirektør Øyvinn Myge i Kunnskapsdepartementet vil ikkje uttale seg om denne saka spesielt.

LES SAKA I STUDVEST!

Kva meiner du? Er det på tide at studentane blir innlemma i Folketrygda?

Faktaboks

 * Ein risikerer å ende opp som minstepensjonist dersom ein ikkje har privat forsikring.
 * Studentar er ikkje omfatta av yrkesskadeforsikringslova som vanlege arbeidstakarar, og er heller ikkje omfatta av noko form for ulukke- eller reiseforsikring.
 * Norsk Studentorganisasjon har no forhandla fram ei ordning med sjukeforsikring, ulukkesforsikring og livsforsikring til 1230 kroner.
 * Målet er å få innlemma studentar i Folketrygda, slik at dette blir gratis.