– Vanskeleg å ta eit val

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I gymsalen er over 150 elevar samla til studieorienteringsdag. Voss Gymnas, jordbruksskulen, husflidskulen og Rogne vidaregåande skule er alle til stades.

Vanskeleg å velja
– Det er vanskeleg å ta eit val her og no, seier tre gutar utanfor samlingsrommet der dei har blitt mata med informasjon i snart tre timar.

– Det er så mange moglegheiter, men eg trur nok eg kjem til å ta eit år til på gymnaset for å få spesiell studiekompetanse, seier Eirik Mjeld (18) frå Osterøy.

Fleire val
Nikolai Hanevik (18) frå Vaksdal er samd, og tenkjer på å bli ingeniør.

– Me tek dei ekstra faga for å ha fleire val i framtida, seier dei to seg imellom.

Sistemann, Emil Hos frå Osterøy, veit ikkje heilt kva han skal.

TEMA: Les meir om yrkesval!

– Eg har absolutt inga peiling på kva eg skal, seier han medan han ler.

– Eg må tenkja litt meir før eg tek ei avgjerd.

Dei tre går på idrettslinja på  grunna interessa for trening. Her fekk dei både trena og gå på skule samtidig.

Mykje å ta inn
Det er utdanning.no, kunnskapsdepartementet sin portal for utdanning, som står for studieorienteringsdagen. Ungdom som alt har teke eit val, deler deira meiningar og tankar til elevane på dei vidaregåande skulane.

– Eg tykkjer nesten litt synd på elevane. Det er alt for mykje informasjon å ta inn på så kort tid, seier Mads Orheim Hansen (26), som går på Praktisk Pedagogisk Lærarutdanning i Sogndal.

Ta deg god tid!
– Det beste tipset eg kan gje, er å ta seg veldig god tid. Ikkje stress, og ikkje ver redd for å gjera noko feil.

– Ein har god tid til å få seg utdanning, seier Hege Moen (21), som tar Bachelorutdanning i sosiologi i Sogndal.

LES SAKA I AVISA HORDLAND!