Sterk reaksjon frå Barneombodet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sterk reaksjon frå Barne- ombodet

Elevrådet på Flatbygdi skule sende brev til Barneombodet om at tilbodet om pendlarbåt til Sogndal no er vekke, og at dei som skal gå på vidaregåande må bu seg på å bu på hybel.

Dette tek no Barneombodet verkeleg på alvor. I eit svarbrev til elevrådet, slår dei fast at dei er uroa for at fleire unge skal droppa ut av vidaregåande opplæring, mellom anna fordi slike tilbod som båtskyss vert nedlagt.

«Kommune og fylkeskommune pliktar å gjera det som er best for borna. I alle avgjerder skal barnet sitt beste vere eit førande moment. Det følgjer av Barnekonvensjonen artikkel 3. Det betyr at all tilrettelegging av skuletilbodet, inkludert reise, skal etablerast med tanke på kva som er best for elevane, både ut frå individuelle og kollektive vurderingar. Å la økonomiske omsyn styre vedtaket, utan å gjera synleg at det å mista pendlarbåten vil gje eit like godt eller betre tilbod for elevane, er etter vår vurdering eit brot på barnekonvensjonen», skriv Barne­ombodet.

Dei set stor pris på at elevrådet skriv til dei om denne saka, og dei meiner at temaet i saka er viktig.

– Tiltak mot fråfall er eit nasjonalt satsingsområde, og fylkeskommunen som er ansvarleg for skyss, bør også bidra til å motvirke fråfall, meiner Barneombodet.

LES MEIR I SOGN AVIS!