Stavanger Unge Høgre fekk gjennomslag.

mm

Eit fleirtal i programkomiteen i Stavanger Høgre vil jobba for å innføra eit prøveprosjekt med valfritt sidemål i ungdomsskulen.

Ved å gjera sidemålet valfritt, kan eleven få konsentrera seg om læra det eine skriftspråket skikkeleg, heiter det i framlegget, ifølgje Stavanger Aftenblad.

– Eg meiner dette er ei viktig sak. Eg har alltid meint at det er feil at vi skal måtte ha både nynorsk og bokmål i skulen. Det bør i alle fall vera slik at sidemål anten bør vera valfritt eller så bør ein kunne velja om ein vil ha karakter i sidemålet. Å ha det slik som i dag, trur eg svekkjar norskundervisinga, seier Odd Jo Forsell til avisa, og tilbakeviser samstundes at dette er ein måte dei skal sanka stemmer frå 16-18-åringar.

Stavanger er ein av 20 kommunar som har stemmerett for 16- og 17-åringar i lokalvalet til hausten.

PRØV DEG PÅ IVAR AASEN-QUIZEN VÅR!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

LES OGSÅ

ANNONSE