Datakollaps i hemsedalsskulane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Datakollaps i hemsedals- skulane

– Alt har gått gale, seier ein oppgitt rektor ved Hemsedal barne- og ungdomsskole, Ove Fekene. Torsdag møtte han hovudutval for livsløp for å få forklart kor skoen trykker.

Dels heng problema saman med at kommunen har gått over frå Linux til Microsoft. Dels skuldast dei manglande IKT-satsing over tid.

Lurte seg sjølv
Hemsedal var lenge rekna som ein pioner på bruk av data i skulen. Valet av det frie operativsystemet Linux såg ut til å gi store innsparingar. Éin lærar med kompetanse på systemet fekk maskineriet til å gå rundt. Vedkommande slutta samtidig som kommunen vedtok å vrake «gratisalternativet» Linux til fordel for Microsoft og eit felles IKT-nett i Hallingdal. Poenget var å oppnå stordriftsfordelar.

Lang liste
Men den rimelege løysinga i Hemsedal kan også ha vist seg å ha vore ei uheldig kvilepute for kommunen.

– Me gjorde oss ei bjørneteneste med Linux. Det blir meir tydeleg når me no blir ein del av fellesnettet i Hallingdal, seier rektoren.

Med den brå overgangen til Microsoft blir det meir synleg kor kostnadskrevjande IKT er. Sjølv med 350.000 kroner i ekstraløyvingar, står problema i kø. Det er ikkje grenser for alt som har gått på tverke i hemsedalsskulen den siste tida.
 * Barne- og ungdomsskulen har ikkje greidd å gjennomføre nasjonale prøver i engelsk og matte.
 * Ulsåk oppvekstsenter kjem ikkje inn på skulenettet.
 * Kommunen manglar IKT-kompetanse på både drift og opplæring.
 * Lærarane har gjennomgåande svak IKT-kunnskap.
 * Pedagogisk programvare fungerer ikkje på elevane sine PC-ar.
 * Oppvekstsentera på Tuv og Ulsåk manglar pengar til nye datamaskiner og til å drive nettverk.
 * Hemsedal barne- og ungdomsskule har hatt driftsproblem på grunn av dårleg kabling.
 * Lærarane manglar opplæring på dei nye digitale skuletavlene.

LES OGSÅ: Dataproblem utløyser debatt

Treng meir
Midt i denne situasjonen har rådmannen foreslått å redusere IKT-kompetansen i kommunen med ei stilling. Det er rektor Fekene sterkt usamd i. Han ser heller for seg ei styrking. Fekene foreslår ei løysing der ein:
 * Opprettar ein IKT-teknikar/rettleiar for skule og heile kommunen (50/50).
 * Behalde 40 prosent stilling som IKT-ansvarleg.
 * Kjøpe to klassesett (40 stk) datamaskinar til Tuv og Ulsåk skular.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!