Ber om evaluering av fråversordninga

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ber om evaluering av fråvers- ordninga

Vedtaket i fylkestinget var samrøystes. Kunnskapsdepartementet innførde i haust strengare krav til fråver i skulen. Tala på fråversdagar som kan strykast frå vitnemålet vart redusert frå 14 til 10, og det vart innført tydelegare krav til dokumentasjon. Målet var å redusera fråversordninga og fråfall i den vidaregåande skulen.

Uroa
Nordland Fylkesting er bekymra for at den nye fråversføringa kan bidra til at ungdom seier frå seg tillitsverv eller lèt vera å delta i den offentlege debatten. Elevorganisasjonen og LNU er blant aktørane som kritiserte innstramminga, og fleire ungdomsorganisasjoner aksjonerte utanfor Kunnskapsdepartementet i vår.

I haust vedtok Ungdommens Nasjonalforsamling at ei av dei fem viktigaste sakene for norsk ungdom er at alt fråvere skal på vitnemålet, men i kategoriar.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) fekk også spørsmål i Barnas spørretime 19. november om saka. Då ville ho ikkje gjera noko med ordninga:

– Eg veit at eg er litt streng og hurpete, men det er så viktig at alle er på skulen, sa ho då.

Tilleggspoeng
Trass i protestane valde Kunnskapsdepartementet å innføra dei nye reglane. No vil altså Nordland Fylkesting at ordninga skal evaluerast med fokus på elevar som er engasjert i organisasjonsarbeid lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Fylkestinget ber òg departementet vurdera om organisasjonsarbeid som gjeld samfunnsoppgåver kan gje tilleggspoeng.